No håpar innbyggjarane at rasstrekninga vert prioritert

Fylkespolitikarar, stortingspolitikarar og lokalpolitikarar møtte i dag opp på fylkesveg 609 ved Hundsåna. Innbyggjarane håpar den rasutsette plassen gjorde inntrykk.

Fylkespolitikarar, stortingspolitikarar og lokalpolitikarar møtte i dag opp på fylkesveg 609 ved Hundsåna. Innbyggjarane håpar den rasutsette plassen gjorde inntrykk.

SJÅ VIDEO: Bli med politikarar og rassikrings-forkjemparar på synfaring på den rasutsette strekninga. Foto/Redigering/Reporter: Alf Vidar Snæland

Anne Marie Sve Mandelid

GODE SIGNAL: Anne Marie Sve Mandelid har inntrykk av at politikarane vil jobbe med å løfte strekninga høgare opp på prioriteringslista.

Foto: Alf Vidar Snæland

Aksjonsgruppa som jobbar for rassikring på vegen mellom Førde og Askvoll hadde nemleg invitert til tur i området rundt den rasutsette plassen i håp om å få politikarane til å sjå alvoret.

– Eg syns dagen har gått over all forventning. Eg har ei kjensle av at politikarane har fått ei aha-oppleving i forhold til vegstrekninga. Det seier Anne Marie Sve Mandelid i arbeidsgruppa.

– Rasløpa er veldig tydlege. Eg har sett liknande andre plassar i landet, og det er mange som må leve med rasfare. Det gjer noko med livskvaliteten til folk, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes som for første gong er på synfaring her.

Ho meiner at alle rasa viser kor utrygg kvardagen til dei som køyrer forbi her er.

– Difor er det veldig viktig å halde oppe trykket på rassikring nasjonalt. Fordi det er eit nasjonalt ansvar, seier ho.

Må auke løyvingane

– Kva kan fylkeskommunen gjere?

– Dette er noko vi må hjelpe kvarandre med. Det er ein øyremerka post på statsbudsjettet, men for første gong på veldig mange år så går den ned i dette framlegget til statsbudsjettet, seier Kjelsnes.

Ho meiner at det første målet er at løyvingane må aukast. Den nasjonale rassikringsgruppa har som mål at alle offentlege vegar skal vere sikra mot ras innan 2030.

– Det er mogleg om vi klarar å passere 2 milliardar kroner per år. Det er det viktigaste for å få fortgang i rassikringa, seier Kjelsnes.

Gode signal frå politikarane

Dagen starta med synfaring i buss der dei fekk sett på rasområdet. Det blei også ein båttur der dei fekk sjå på avstand kor det har kome ras, og sannsynlegvis vil kome meir i framtida.

Per i dag ligg Heilevang på ein sjetteplass i prioriteringslista til politikarane, og det finst ikkje midlar til å rassikre vegen. For at dei som køyrer strekninga ofte skal kjenne seg trygge meiner aksjonsgruppa det må skje noko. Aller helst vil dei ha tunnel. Mandelid seier ho er nøgd med signala dei har fått frå politikarane i dag.

– Eg har inntrykk av at dei vil jobbe innstendig for å løfte strekninga høgare på prioriteringsliste, og at ein på ein eller anna måte kan få innhenta midlar til å starte vegprosjektet, seier Mandelid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Synfaring Heilevang FV.609

PÅ SYNFARING: Både stortingsrepresentant, Sveinung Rotevatn (V), fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) og fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) var med på synfaringa ved den rasutsette plassen i dag.

Foto: Alf Vidar Snæland

Ein stor jobb å gjere

Stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn, var også til stades under synfaringa.

– Eg tenkjer det er nokon av oss som lever med betydeleg større risiko i kvardagen enn andre. For alle dei som brukar denne vegen kvar dag, så er det nok med hjartet i halsen, og det fortel oss politikarar at vi har ein stor jobb å gjere, seier Rotevatn.

Han håpar fylkespolitikarane har lyst til å satse på denne vegen.

– Og så har vi på stortinget ein jobb å gjere for sikre tilstrekkeleg samferdselsløyvingar og rassikringsmidlar. Det er problematisk at ein har kutta i rassikringsmidlar i framlegget til statsbudsjettet.

Vil ha tettare samarbeid

Synfaring Heilevang

HER RASAR DET: Sveinung Rotevatn blir vist kort det rasar.

Foto: Alf Vidar Snæland

Mandelid håpar det vert teke nye vurderingar av strekninga slik at vegen vert prioritert raskt. Ho meiner synfaringa var viktig for å gje dei ei forståing av kva som skjer.

– Her rasar det mykje, det er stengt ofte, og det er det som kjem til å bli situasjonen framover, så lenge det ikkje vert gjort noko, seier ho.

At politikarane var med dei i dag trur ho vil bety mykje for framtida og vidare samarbeid. Ut over ettermiddagen vart det diskusjonar der dei prøvde å finne fram til moglege løysingar i forhold til prosjektet.

– Vi har ikkje fått direkte lovnader, men det er blitt sagt at det skal bli eit tettare samarbeid. Slik stoda er no står fylkeskommunen ovanfor mykje kutt, vi får likevel håpe at det skjer noko, og at det kjem øyremerka midlar til strekninga.

– Det viktigaste er at vegen blir trygg, og det oppfattar eg dessverre ikkje at den er i dag, seier Rotevatn.