Folk seier til han at dei nektar å stemme – krev at stemmene blir talde etter gamle kommunegrenser

Senterpartiet fryktar folk vil nekte å røyste om dei ikkje får valresultat også for sin gamle kommune. Valforskar åtvarar mot at veljarane kan bli mistenksame om politikarane kranglar om gjennomføring av eit val.

Varaordførar Vågsøy, Nils Myklebust (Sp) teller stemmer, folkeavstemming Kinn kommune

KRITISK: Nils Myklebust (Sp) er varaordførar i Vågsøy.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg trur det er uheldig om ein får inntrykk av at det ligg politiske grunnar bak nokon form for gjennomføring av eit val, seier valforskar Bernt Aardal.

Kinn er ei av mange nye kommunar og fylke som skal gjennomføre val for fyrste gong.

Fleirtalet blant politikarane vil ha samla oppteljing, til protestar frå Sp og Raudt som heller vil telje røyster per valkrins.

Samla oppteljing gjer at ein ikkje får vite korleis valresultata i noverande Flora og Vågsøy kommunar ville sjå ut. Sp og Raudt i Kinn meiner lokalvalet i dagens Vågsøy kan bli eit protestval, men at samla oppteljing gjer at protestrøystene blir vanskelege å fange opp.

– Det er mange som har sagt til meg at sidan røystene ikkje blir telt kvar for seg så vil ikkje dei røyste, seier Nils Myklebust. Han er varaordførar i Vågsøy og leiar i Kinn Sp.

Ei ringerunde NRK har gjort syner at det varierer korleis nye kommunar tel opp røystene. Aardal rår politikarane om å bli samde i slike saker.

– Slike kranglar kan føre til spekulasjonar om triksing og fiksing med resultata, seier Aardal.

Laster kart, vennligst vent...

REISEVEG: Røystene frå Vågsøy skal fraktast til Florø valkvelden for samla oppteljing.

Senterpartiet vil ha omkamp

Senterpartiet vart nedstemt då dei fremja krinsvis oppteljing i valstyret i vår. Etterpå kom reaksjonane, men leiar for valstyret Jan Henrik Nygård (V) hevdar at fristen er ute for å endre vedtaket.

Men i ein e-post frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til NRK står det at det ikkje eksisterer nokon frist.

Sp vil at saka skal opp i valstyret på nytt.

– Når tidsfristen ikkje eksisterer, er det ingenting i vegen for å endre vedtaket, seier Nils Myklebust.

Myklebust er ikkje samd i at han skapar uro kring valet.

– Nei, tvert om det vil skape ro, seier Myklebust.

Rår politikarane til å samle seg

Bernt Aardal skjønar sorga over å ikkje lenger få valresultat for si gamle kommune eller fylke.

– Vi snakkar om lange tradisjonar, og mange år med erfaring og identitet. Det er inga overrasking at ein kjenner ei sorg og protest mot dette, seier Aardal.

Han meiner politikarane må tenke seg om.

– Det at det finst eit ganske stort mindretal som protesterer, er jo eit utgangspunkt for ein diskusjon om ein burde gjort ting annleis, seier Aardal.

Bernt Aardal

ÅTVARAR: Valforskar Bernt Aardal meiner det er viktig med ro rundt valet.

Foto: Ingvild Baltzersen Sund / NRK

Sunnfjord tel opp røystene krinsvis

Det er skilnadar på korleis røystene blir talde i nye kommunar. Både nye Sogndal og nye Sunnfjord kommune skal telje krinsvis, medan Kinn og Stad tel røystene samla.

Påtroppande kommunedirektør i Sunnfjord, Ole John Østenstad, seier dei tel krinsvis fordi det er mest effektivt.

– Røystestyra lokalt tel opp røystene ute på røystestadane før dei blir levert til valstyret, seier Østenstad.

– Vi ser føre oss at partiresultata vil vere offentlege opplysningar.

Unnataket er Haukedalen valkrins som er så liten at røystene skal miksast med Førde for å sikre hemmeleg val.

Ole John Østenstad

VIL OFFENTLEGGJERE: Påtroppande kommunedirektør i Sunnfjord Ole John Østenstad

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Vil drøfte saka med politikarane

Leiar i valstyret i Kinn Jan Henrik Nygård (V), likar dårleg bråket kring valet.

– Dette er ein debatt som burde vore avslutta for lenge sidan, seier Nygård.

Nygård er open for å ha teke feil om at fristar gjer ein ikkje kan endre teljemåten.

– No må vi sjekke opplysningane nærmare. Vi får diskutere i valstyret korleis vi skal løyse dette, slik at vi unngår ein eviglang debatt heilt fram til valdagen.

Jan Henrik Nygård

VIL HA RO: Leiar i valstyret Jan Henrik Nygård (V)

Foto: AHMAD DEAN / NRK