Politikar vart grovt sjikanert på Facebook

Ap-politikar Karianne Torvanger har fått massiv respons etter at ho blei utsett for grov hets på Facebook.

Karianne Torvanger og truslar

GROV SJIKANE: Karianne Torvanger måtte tole grov hets frå ein mann på Facebook.

Foto: privat / skjermdump Facebook
Vallogo

Då Torvanger kommenterte eit innlegg om innvandring frå Frp-politikar i Flora, John Arvid Svanøe, vart ho møtt av svært grove kommentarar frå ein tredje person.

Blant anna skriv vedkommande «Skjønar godt at du vil suge muslimkuk, ok det, men reis til muslimland då, og bli der». Nokre timar seinare delte Torvanger samtalen på Facebook-sida si og har fått massiv respons både der og utanfor.

– Eg har vore politikar i ganske mange år og er vand til tøffe debattar og at folk er kritiske til det eg legg ut. Men når debatten går på eit slikt nivå, så er det faktisk ikkje greitt. Eg håpar at eg ved å gjere dette kan få fleire til å tenke seg om før dei legg ut slike ytringar på nett, seier Torvanger.

Eg har eit ønskje om at ein kan halde debatten på eit sakleg nivå

Karianne Torvanger, Arbeidarpartiet

– Dette høyrer ikkje heime

Også Svanøe, som la ut det opphavlege innlegget, tek sterkt avstand frå slike kommentarar. Under innlegget har han sjølv avslutta debatten og bede folk halde seg saklege og unnlate å kome med skjellsord.

Svanøe har tilbode seg å slette kommentarane, men seier at han i samråd med Torvanger let det stå som eit døme på det han kallar lågmålkommentering.

– Dette høyrer ikkje heime. Ein må vere politisk korrekte og halde seg til saka det handlar om. Eg har også blitt utsett for sjikane ved å ha fått trugsmål på melding og blitt trakassert i det offentlege rom på Facebook, så eg veit at dette ikkje er kjekt. Eg synest det er veldig trist at også Karianne skulle bli utsett for dette, seier han.

Valde å ikkje anonymisere

Torvanger fortel at ho tenkte seg lenge om før ho bestemte seg for å dele dette på Facebook, utan å anonymisere personen som kom med sjikanen.

– I utgangspunktet tenker eg at det ikkje er greitt å henge ut folk på sosiale medium, men samstundes så tenker eg at når ein er på sosiale medium og legg ut kommentarar, så har ein også eit ansvar for det. Difor valde eg å gjere det, slik at det kanskje blir slutt på slike kommentarar.

Eg synest det er veldig trist at også Karianne skulle bli utsett for dette

John Arvid Svanøe, Frp

Vil ha slutt på netthetsing

Ho har opplevd krasse kommentarar tidlegare, men ikkje av ein så grov type. Torvanger trur ho er langt frå den einaste som opplever dette.

Ap-politikaren meiner det er viktig at også politikarar blir respekterte sjølv om ein ser ulikt på saker.

– Eg tek gjerne mot kritikk og innspel på sosiale medium, men eg har eit ønskje om at ein kan halde debatten på eit sakleg nivå og ikkje komme med slike usømelege kommentarar som eg fekk i dag.

Mange reagerer

Torvanger har fått ei rad støtteerklæringar etter at ho blei utsett for den grove hetsen. Ein av dei som reagerer sterkt er partikollega og ordførarkandidat i Luster, Arne Johannessen.

– Tragisk! Viktig og bra med openheit om denne typen søppelspråk på nett, skriv Johannessen på Torvanger sin Facebook-vegg.

Legg seg flat

NRK har vore i kontakt med mannen, som legg seg heilt flat for kritikken og ber om tilgjeving.

– Eg har ikkje noko imot nokon, verken muslimar eller ho, skriv mannen i ei melding til NRK.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.