Hopp til innhold

Politiet: Uhell kunne gått verre

Bussuhellet i Stryn måndag morgon kunne gått langt verre, skriv Fjordingen. Møreekspressen frå Oslo til Ulsteinvik køyrde utfor ved Dispen like ved ei bratt skråning, med stor fare for å velte. Ingen av dei 55 passasjerane vart fysisk skadde i uhellet. Politibetjent Kurt Hammerø prisar seg lukkeleg over at bussen ikkje køyrde utfor 100 meter lenger vest.