Hopp til innhold

Politiet: Traktor kom over i motsett køyrefelt

Politiet melder om ei ulukke mellom ein traktor og ein personbil i Sogn.

– Ein traktor på slep kom over i motsett køyrefelt, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnord.

Ulukka skjedde ved Kalbakken mellom Sogndal og Fjærland sundag ettermiddag, melder politiet.

Traktoren trefte ein personbil. Det var til saman tre personar i bilen.

– Ein person i bilen har fått eit kutt i panna. Personen får helsehjelp, seier Rebnord.

Føraren av traktoren, føraren av personbilen og ein passasjer kom uskadd frå ulukka.