Hopp til innhold

Politiet: Slik unngår du sommarulukkene på vegen

– Ta det med ro, og vis omsyn, er råda frå politiet i Vest politidistrikt etter at dei har registrert ein kraftig vekst i talet på trafikkulukker med personskade i sommar.

Redningsarbeid i Blekesvingen etter frontkollisjon

TO ULUKKER: I løpet av ei veke mista ein MC-førar livet, medan ein person fekk moderate skader, i to ulukker ved Blekesvingen i Stryn.

Foto: Thomas Thaule / Fjordingen

– Er det varmt, ta pausar og drikk vatn. Fokuser på køyringa, og ikkje alt anna. Er det kø, følg den og ikkje ta sjansar ved å køyre forbi. Sommaren er også høgtid for alkoholbruk, då kan det vere lett å gløyme seg og setje seg i bilen for tidleg neste dag. Ver edru, ber distriktsleiar i Up, Terje Oksnes.

Dobling i Sogn og Fjordane

Gustav Landro, Vest politidistrikt

OVERRASKA: Stabssjef i politiet, Gustav Landro, seier hendingsloggen til Vest politidistrikt viser ein kraftig auke i tal uhell og ulukker på vestlandsvegane.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Fleire har nok tenkt det, og hendingsloggen til Vest politidistrikt stadfestar det. I sommar har det vore langt fleire uhell og ulukker i trafikken på vestlandsvegane. Sidan juni har politiet registrert 119 ulukker med skadde eller omkomne i år. Det er ein auke på 33 i høve fjoråret og eit snitt på over to ulukker for dag.

Berre i Sogn og Fjordane er tala dobla, frå 20 til 42.

Seks av ulukkene i politidistriktet er dødsulukker. Halvparten av desse i Sogn og Fjordane.

– Det er vanskeleg å peike på noko konkret årsakssamanheng, men vi veit at sommaren er spesielt utsett. Det er varmt og folk køyrer lengre strekkjer enn dei er vande med, seier stabssjef Gustav Landro ved Vest politidistrikt.

– Fokuser på køyringa

Og sommaren i år har hatt fleire varme dagar enn det vi er vande med på Vestlandet. Lange avstandar på ukjende vegar, varme dagar og lange lyse kveldar kan gi utslag i trøytte bilførarar. Ikkje alle er like flinke til å ta omsyn til det.

Det kan vere ei av forklaringane på kvifor ulukkestalet har gjort eit byks i år.

Les også: Difor går dødstala ned på norske vegar

– For trenden er at det blir køyrt meir forsiktig i trafikken, og samferdsledepartementet registrerer færre dødsulukker. Tala går ned i takt med at bilane og hjelpesystema blir betre, seier Landro.

– Ikkje heile sanninga

Terje Oksnes

MANGE: Distriktsleiar i Up, Terje Oksnes, minner om at statistikken ikkje fortel den heile sanninga om sommartrafikken. – Heldigvis er dei færraste alvorlege ulukker med hardt skadde og drepne, seier han.

Foto: Dag H. K. Andersen / NRK

Samstundes minner både Landro og Oksnes om at statistikken ikkje nødvendigvis fortel heile sanninga om sommartrafikken. Hendingsloggen til politiet seier ikkje noko om alvorsgraden på personskadane.

– Mange av ulukkene er med lettare skader og blir ikkje registrert som trafikkulukke i statistisk samanheng, seier Oksnes og viser til at ulukker med hardt skadde og drepne har gått ned med 20 prosent første halvår i år.

Likevel, statistikken viser langt fleire hendingar i sommar, samanlikna med i fjor.

– Og vi veit kor små marginar som skil mellom ei dødsulukke og ulukke med lettare skade, åtvarar Oksnes.