Hopp til innhold

Politiet: Kvinne truga med å drepe NAV-tilsett

Ei kvinne frå Sogn og Fjordane skal ha truga med å drepe fleire menneske, mellom anna ei kvinne tilsett i NAV der ho også truga med å «slakte borna hennar».

Hovedkontoret til Nav i Oslo.

TRUGSMÅL: Også i Sogn og Fjordane opplever tilsette i NAV trugsmål og kjipe hendingar.

Foto: Lise Åserud / NPK

Det meiner politiet, som har reist tiltale mot kvinna. Ho er tiltala for fleire brotsverk av ulikt slag.

Trugsmålet mot den NAV-tilsette skal ha skjedd i ein telefonsamtale i sommar. Her sa ho at ho skulle drepe sakshandsamaren, samt slakte borna hennar.

Hausten for to år sidan skal ho ha spurt ein person i Bergen om han ville hjelpe henne med å drepe eit familiemedlem, mot betaling.

Saka kjem opp i tingretten seinare.

Truslar også her i fylket

Slike trugsmål er sjeldne mot NAV-tilsette i Sogn og Fjordane, men også i dette fylket skjer det hendingar mot NAV-tilsette som er over streken.

Presseansvarleg Frode Henden seier at NAV har nulltoleranse for alle sider av vald og trakasseringar.

– Ifølge siste medarbeidarundersøking hadde 26 av NAV-tilsette i vesle Sogn og Fjordane blitt utsett for så grov utskjelling at dei har meldt ifrå om det til sine overordna.

– I år har det berre vore eitt tilfelle av vald mot våre tilsette. Ein tilsett vart dytta, noko vi definerer som fysisk vald.

– Nokre NAV-brukarar kan vere i ein vanskeleg livssituasjon, og då er det fort gjort at det går ut over nokon, seier Frode Henden.

Frode Henden

TEK DET PÅ ALVOR: Presseansvarleg Frode Henden i NAV.

Foto: NAV / NRK

Tek det på alvor

Henden seier NAV er svært medvitne på utfordringane som jobben kan gje dei tilsette.

– Vi er blitt mykje flinkare til å ta tak i dette og følge opp dei tilsette. Men for NAV Sogn og Fjordane har truslar og hendingar mot tilsette heldigvis ikkje auka, seier Henden.

– Kva gjer de når det skjer?

– Det skal ikkje mykje til før vi går vidare med slike saker. I utgangspunktet blir alt som har med vald å gjere, meld til politiet. Skadeverk blir meldt til politiet. Og så er det ei vurdering om kor vidt munnbruk fører til politimelding, fortel Henden.

Han seier nokre tilsette ristar utskjelling av seg som tullprat, medan andre ser det som vanskeleg å gå vidare.

– I utgangspunktet er terskelen låg for å gje ein brukar konsekvensar dersom dette skjer, seier Henden.

Han seier NAV har registrert rundt 40 utskjellingar, truslar og trakasseringar av alle grader det siste året. Kvinna som no er tiltalt meiner han er eit eksempel på at det kan få alvorlege konsekvensar for enkelte.

– Dette er krevjande og trasig for våre tilsette, og slik skal ikkje vere.