Hopp til innhold

«Det er vanleg oppførsel»

Både i Sogndal, Førde og Gaular har festglade folk sovna ute i natt.

– Vi skal vel ikkje skulde på sommarvêret, det er vel heller det dei har inntatt, konstaterer operasjonsleiar hjå politiet, Per Rimmen.

Den første meldinga kom litt før klokka 03.30 i Sogndal. Ein rusa mann som låg i sentrum måtte vekkast opp av politiet. Han gjekk sjølv frå staden.

Ein times tid seinare, i Førde, fekk politiet nok ei melding om ein mann som låg og sov. Denne hadde sovna ved sida av ein veg. Då politiet kom til staden var mannen vaken, og ville ta taxi heim.

Meir alvorleg var meldinga i Gaular på same tid. Der vart ein mann meldt sakna etter å ha vore på fest. Akkurat i det eit redningssøk skulle starte, kom han til rette. Også han hadde sovna ute.

– Vi ønsker folk er i stand til å kome seg heim. Klarar folk å vere ute, må dei greie å kome seg heim. Det er vanleg oppførsel, seier Rimmen.

Andre har forsøkt å kome seg heim. Ein mann i 20-åra vart stoppa i ein kontroll på Nordfjordeid, og er mistenkt for promille. Han vart send til blodprøve og politiet tok førarkortet. Også i Florø er ein mann i 20-åra mistenkt for promillekøyring.

I Førde er ein mann mistenkt for skadeverk ved ein utestad.