Hopp til innhold

Åtvarar folk mot å nærme seg elva

– Å gå for nær kan vere livsfarleg, seier lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde. Lensmannen er uroa og åtvarar særleg born som etter skuleslutt kan finne på å nærme seg den strie elva.

Jan Egil Tvinde

HALD BORN OG VAKSNE VEKKE: – Det er ikkje mogeleg å redde folk frå elva dersom ei ulukke skulle skje, seier lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi overvakar situasjonen, spesielt der vatnet går over vegen. No er det skuleslutt og det er viktig at born ikkje nærmar seg slike plassar, seier lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde.

Hald avstand!

Tvinde er uroa for at born og vaksne vil nærme seg Jølstra eller Anga for å sjølv sjå naturkreftene herje.

– Eg vil be folk om å halde avstand, seier han og forstår at det kan virke spennande å oppsøke elva for å få med seg naturkreftene.

(Saka held fram under bilete)

Anga fløymer

GÅ IKKJE NÆRME: Politiet ber folk halde seg vekke frå den frådande elva.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det er ikkje mogeleg å redde nokon i den elva dersom nokon ramlar uti no dersom det skulle gå gale. Det er veldig farleg.

Ta omsyn til barna

Han oppmodar folk som ikkje har fått i sikkerheit ting om å ikkje gjere noko dumdristig. Det er for seint.

(Artikkelen held fram under videoen)

Videoen er filma frå Førde sentralsjukehus.

SJÅ VIDEO: Denne videoen er filma frå Førde sentralsjukehus.

– Hald folk unna den strie elva er mitt råd. Dei fleste vaksne forstår kva som er farlege område og hald borna vekke. Dette er ikkje til å spøke med, seier Tvinde.

Fleire politipatruljar er på vegen og samarbeider med Statens vegvesen og Førde kommune om eventuelt å sperre vegar.

– Men det å komme for nær der det er straum i elva er i dag for farleg.

Førde kommune i beredskap

Også Førde kommune skal ha ein utvida beredskap i ettermiddag. Ordførar Olve Grotle opplyser at Førde kommune vil ha utvida opningstid på Servicesenteret.

For dei som treng hjelp ved flaumen kan dei kontakte kommunen på telefon 57722000

– Eg rår alle innbyggjarane til å opptre aktsamt i samband med flaumen.

Dette gjeld ved skade eller andre hendingar som vedkjem flaumen. I tillegg er to gangbruer er stendige i sentrum.