Hopp til innhold

Politiet: «Kunne gått mykje verre»

Ein bil med hengar køyrde inn i ein hage like ved politistasjonen i Førde måndag ettermiddag.

trafikkuhell førde

HER HAMNA BILEN: Politibetjent Torstein Fjellanger fortel at dette kunne gått langt verre. Den kvite bilen i bakgrunnen stod der som Fjellanger står.

Foto: Anna Gytri / NRK

Ei kvinne i 60-åra kom frå det utan skader då ho mista kontrollen over bilen på E39 i Førde sentrum.

– Det er ein personbil med hengar som har sklidd ut av vegbana og over graset og inn i ein hage gjennom eit gjerde. Det er ikkje noko ein ser kvar dag, fortel politibetjent Torstein Fjellanger på staden.

Lensmannen rykka ut

Hendinga skjedde like ved lensmannskontoret i Førde i ei 50-sone. Dermed var ikkje lensmannen langt unna.

– Politiet var litt seine på staden. Vi var opptekne i eit anna oppdrag, så det var faktisk fungerande lensmann på kontoret her som rykka ut og hadde kontroll på staden til vi kom, seier Fjellanger.

Gjerdet inn til hagen fekk store skader, og bilen fekk nokre skrammer, men kvinna kom frå det utan skade. Ambulansen rykka også ut og helsepersonell utførte ein kontroll.

Truleg feil på bilen

Bortsett frå materielle skader på gjerdet og små skrapemerker på køyretøyet så er det ingen store skader. Truleg er det feil på bilen som førte til uhellet.

– Ut frå vitneforklaringar tyder det på at ho hadde begynt på ein sving og at styringa på bilen hadde svikta. Rattet responderte ikkje då det blei vridd på. Då har ho køyrt rett fram her mellom eit tre og nokre bilar og ut på graset her. Ho bremsa kraftig, men det var sleipt på graset og ho trefte gjerdet i ikkje altfor høg fart, fortel Fjellanger.

– Det kunne gått mykje verre. Det er eit hus rett i nærleiken så slik sett er vi heldige.

Det er ikkje mistanke om promillekøyring.