Hopp til innhold

Situasjonen har betra seg på fjellovergangane

Det har vore vinter i fjellet i Sør-Noreg, men no har temperaturen stige på fjellovergangane mellom Aust- og Vestlandet.

Oppland

BILAR I GRØFTA: Bilar i grøfta på fv. 27 Venabygdsfjellet i Ringebu kommune i Oppland.

Foto: EVEN LUSÆTER / NRK

SISTE: klokka 20.00 kan Vegvesenet melde at det berre er Rv. 15 over Strynefjellet som har snø, men at ein også må vere obs om ein skal køyre over E16 Filefjell eller Rv. 52 Hemsedalsfjellet i natt.

Det var kaldare og ein god del snø tidlegare torsdag, og politiet gjorde beslag av to førarkort etter at to vogntog krasja på Strynefjellet.

– Den eine føraren hadde med seg kjetting, men ingen av køyretøya hadde kjetting på. Det var snakk om dårlege dekk, seier Trosdahl.

Det tok fleire timar å berge vogntoga på staden og det danna seg lange køar på staden.

Venabygdsfjellet

PÅ KRYSS OG TVERS: Fleire lastebilar slit på Venabygdsfjellet.

Foto: Even Lusæter / NRK

Vinter og snø på fjellet

– Det har vore ein del utfordringar. Folk tenker ikkje over at dei kan treffe på mellom fem til ti cm med snø, seier trafikkoperatør Roger Nedberge Hille.

Sogndalsdalen

SLIK SER DET UT PÅ RV. 5: I Sogndalsdalen på rv. 5 er det dårleg føre.

Foto: NRK-TIPSAR

Vegtrafikksentralen til Statens vegvesen i vest har fått meldingar på vogntog som slit når dei skal komme seg mellom aust og vest. Blant anna over Hemsedalsfjellet.

– Bilistar må vere budde på at det er sludd og delvis snødekke fleire stadar. Det kan fort vere litt sporete i vegbana, seier Hansen.

Trafikkoperatøren seier det berre er ein ting som gjeld for dei som skal over fjellet.

– Det er vinter på fjellet. Skulle eg køyrt, så ville eg skifta til vinterdekk, seier Hansen.

Slik var stoda på fjellovergangane mellom Aust- og Vestlandet torsdag klokka 13.30:

  • E16 Filefjell: Somme stader snø- og isdekke.
  • E134 Haukelifjell: Vekslande bart og snødekke.
  • Rv. 7 Hardangervidda: Vekslande bart, snø- og isdekke.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Snø- og isdekke.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Snø- og isdekke.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke
  • Fv. 50 Hol–Aurland: Snødekke.
  • Fv. 53 Tyin–Årdal: Snø- og isdekke.
Strynefjellet

LANGE KØAR: Det var stengt på rv. 15 over Strynefjellet på grunn av bilbering.

Foto: SKJERMDUMP /STATENS VEGVESEN