Hopp til innhold

Politiet vurderer hjelp frå Kripos

Søket etter den sakna Marita Sælen (46) i Vik i Sogn held fram både på fjorden og på land. Kvinna vart meldt sakna laurdag, men trass omfattande leiting står politiet heilt utan spor.

Leiteaksjonen i Vik

UTAN SPOR: Politiet står framleis utan spor etter den sakna Marita Sælen (46) i Vik.

Foto: Familien/Noralv Pedersen / NRK

Politiet vurderer også å be om hjelp frå Kripos.

– Det er ei vurdering som vi må ta i løpet av dagen, når vi har fått samla trådane og ser kva opplysningar vi har fått inn, seier lensmann Ove Andersen.

I løpet av føremiddagen skal politiet ha eit møte der dei skal ta stilling til om dei skal be om hjelp i etterforskinga.

– Det er då spesielt den taktiske biten, med avhøyr og analysar vi ynskjer hjelp til.

Anne Cecilie Riiber Klarholm og lensmann Ove Andersen

LEITEMANNSKAP: Frivillig Anne Cecilie Riiber Klarholm og lensmann Ove Andersen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Utan spor

Politiet veit førebels ingenting om kva som kan ha skjedd med kvinna som har vore sakna frå Vik i Sogn sidan natt til laurdag . Gjennom helga har mange frivillige og hjelpemannskap vore med å leite.

– Vi held fram med søk både på sjøen og langs sjøkanten. Vi har og ein del område i sjølve bygda som vi ikkje har søkt, og vi utvidar også søkeområdet oppover i dalen.

Nye avhøyr

Lensmann i Vik, Ove Andersen

VURDERER Å BE OM HJELP FRÅ KRIPOS: Ove Andersen er lensmann i Vik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Politiet har i alt avhøyrt 15 personar i samband med forsvinningssaka, og vil avhøyre fleire dersom det blir naudsynt.

– Vi held fram med avhøyr av dei som har vore ute i sentrum natt til laurdag. Fleire personar har meldt seg. Desse kjem vi til å avhøyre i løpet av dagen, seier Andersen.

Kvinna vart sist sett då ho forlèt Dampen pub saman med ein mann frå reisefølget ho var ein del.

– Han har vi kontroll på. Han har forklart at dei gjekk eit kort stykke i lag før Marita Sælen snudde og gjekk attende til Dampen pub.

Kartlegg bevegelsar

Her vart ho sist sett

SIST SETT: Her sluttar alle spor etter den sakna Marita Sælen (46).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Politiet har framleis ikkje full oversikt over bevegelsane i sentrum då kvinna forsvann.

– Vi har danna oss ei visst bilete, men det står framleis att mykje arbeid før vi er ferdige med kartlegginga.

Blant anna ynskjer politiet å gå gjennom videoar frå overvakingskamera i sentrum.

Søk etter sakna kvinne i Vik

SØK: Leitemannskap går grundig til verks, både på land og til sjøs.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Utvidar søkeområdet

Politiet utvidar no leiteområdet på land oppover i dalen, i tillegg til at det blir starta nye søk i sjøen og langs sjøkanten, både mot Arnafjorden og ut mot Vangsnes.

– I tillegg blir det framleis søk på land i dei områda i bygda som vi ikkje har fått gjennomsøk.

Leiting i Vik

NYE SØK: Leitemannskap går for tredje gong gjennom nærområdet der Marita Sælen frå Os forsvann natt til laurdag.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Vil snu alle steinar

– Vi går no gjennom nærområde ein tredje gong, for å vere heilt sikre på at vi ikkje har oversett noko, seier Knut Mykkeltvedt som er leiar i Vik Røde Kors Hjelpekorps.

I alt 50 personar deltek i leitinga etter den sakna.

– Vi håpar framleis at vi skal finne ho i live, sjølv om det no har gått to dagar.

Knut Mykkeltvedt

ORIENTERER LEITEMANNSKAP: Knut Mykkeltvedt er leiar i Vik Røde Kors Hjelpekorps.

Foto: Noralv Pedersen / NRK