Hopp til innhold

Politiet visste at det var planlagt dykking i elva då dei sette i verk stor leiteaksjon

Politiet visste at dykkarar skulle telje fisk i elva. Likevel sette dei i gang ein stor leiteaksjon då nokon såg dykkarane.

Leiteaksjon Førde, Jølstra

VISSTE OM: Dykkarar frå Rådgivande Biologer førte til full utrykking og leiteaksjon i Førde for vel ei veke sidan. No viser det seg at politiet visste om fisketeljinga i Jølstra.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Onsdag 22. november slo operasjonssentralen full alarm då ein busspassasjer melde om ein person i elva Anga i Førde.

Alle naudetatane, mellom anna redningsdykkarar og tilsette i ambulansetenesta, rykte ut. Men politiet hadde fått melding om at dykkarar skulle telje fisk.

– Om meldinga låg på desken, medan dei slo full alarm på alle naudetatar, så har vi ei utfordring, seier brannsjef Bernhard Øberg i Førde.

Operasjonssentralen til politiet i Bergen overtok nyleg ansvaret for Sogn og Fjordane etter at sentralen i Florø blei lagt ned.

Fekk e-post

Morten Ørn

SJØLVKRITIKK: Morten Ørn seier politiet tek sjølvkritikk etter redningsaksjonen i Jølstra.

Foto: Ole-Andre Lagmandokk / NRK

Leiar for felles eining for operativ teneste ved Vest politidistrikt, Morten Ørn, stadfestar at marinbiologane varsla politiet om sin planlagde aktivitet til politiet si e-postadresse.

Aksjonen vart avblåst etter kring tre kvarter.

– Informasjonen nådde ikkje fram til Operasjonssentralen, seier Ørn.

– Dette er ein feil, og her legg vi oss heilt flate og tek sjølvkritikk. Slikt skal ikkje skje, og plar ikkje skje. Normalt blir slike meldingar lagt inn i operasjonsloggen som venta hending av operasjonsleiaren som tek imot meldinga, legg han til.

Fekk ikkje kontakt

Bernhard Øberg

NYBYRJARFEIL: – Eg kallar det nybyrjarfeil som må lukast ut før det blir alvorleg. Vi er tidleg i prosessen og skal la operasjonssentralen få litt tid til å ruste seg for å ta i mot telefonar frå to fylke, seier brannsjef Bernhard Øberg i Førde kommune.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Vi har vel registrert nokre utfordringar i høve til dei prosedyrane vi har hatt før, men vi er tidleg i prosessen og skal kanskje la operasjonssentralen få litt tid på seg, seier Øberg.

Etter ein kjedekollisjonen i Klettatunnelen i Førde i førre veke gav brannbefal opp å få kontakt med politiet for å få frigjeve ein hengar. Via Alarmsentralen i Florø tok det ein halvtime.

– For privatpersonen som var blanda inn, og som måtte vente ein halvtime på aksept frå politiet, så taler det nesten for seg sjølv at det burde vere unødvendig, seier Øberg.

– Ring via 110

Ørn har gått igjennom operasjonsloggen til hendinga og finn ikkje der spørsmål om frigjeving av hengaren.

– Ringde dei 02800 kan det ta tid før nokon svarar. Nødmeldingssentralen 110 har prioritet og oppnår rask kontakt. Lokalt brannvesen bør difor kommunisere gjennom 110 med politiet, seier Ørn og legg til at målet er å svare kort.

– At det tok 30 minuttar frå 110 snakka med politiet til det vart svart frå politiet, kan skuldast at det måtte gjerast undersøkingar før svaret kunne gjevast. Dette kjem ikkje fram av loggen vår, legg han til.