– No skal vi lese gjennom meldinga og vurdera korleis vi skal behandla den. Det vil vi få gjort i løpet av relativt kort tid, seier politiinspektør i Vest politidistrikt, Ronny Iden.
Han seier at dei først av alt vil vurdere om saka i det heile tatt skal etterforskast. Den avgjerda vil dei ikkje kome med i dag.
– Det vert neppe tatt ei avgjerd i løpet av dagen eller morgondagen, seier Iden.
Torsdag føremiddag leverte Senterpartiet i melding til politiet, etter at ingen av dei ti som var på hytteturen hadde stått fram innan fristen partiet hadde sett.
Ingen ville seie noko
Meldinga vart sendt frå Sp sin statssekretær Morten Søberg sin Facebook-profil i 2016. Søberg seie rat han ikkje har sendt meldinga og heller ikkje veit kven av dei ni andre som var med på hytteturen i Sverige som sende den.
Kor mange av dei ti som er politimeldt vil ikkje politiet ut med i denne omgang.
– Det har eg ingen opplysningar om på noverande tidspunkt og eg kan heller ikkje kommentera det før det er tatt ei vurdering av saka, seier regionlensmann i Sogn, Inger Lill Lanes.
Ho seier at saka vil bli sendt vidare til deira påtaleansvarlege for vurdering, før den vert sendt vidare til statsadvokaten.
Jusekspertar meiner det kan vera to punkt i straffelova som er aktuell i saka om den grove tekstmeldinga til Navarsete.
Ville ha løysing
Partileiar Trygve Slagsvold Vedum seier det ikkje var ønskeleg frå partiet si side å måtte melde saka til politiet.
– Generalsekretæren (Knut M. Olsen) har arbeida hardt for å kome til botnen i denne saka, slik at Liv Signe skulle få ei beklaging, og for at dei potensielt ni som ikkje har gjort det, skulle sleppe å ha det hengande over seg, seier han.
Høgst truleg får ein ikkje svar før over helga, om politiet vil etterforske saka eller om den vert lagt vekk.