NRK Meny
Normal

Fleire titals køyrde for fort på skulevegane i fylket

To bilførar mista lappen, to hadde lågpromille og fleire titals køyrde for fort. Politiet er slett ikkje nøgde med resultatet av Aksjon Skuleveg i år.

Trond Hatlenes

FLEIRE KONTROLLAR: Trond Hatlenes og politiet varslar fleire kontrollar på skulevegane utover hausten.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det plar vere normalt for eitt år med trafikkontrollar i Sogn og Fjordane, men vi hadde venta at tal reaksjonar var vesentleg lågare for kontrollar langs skulevegen, seier trafikkoordinator Trond Hatlenes ved Vest politidistrikt i Florø.

To mista lappen

I løpet av dei første to vekene av skuleåret kontrollerte politiet over 2.200 køyretøy. Det vanka reaksjonar mot 73 av desse:

  • To førarkortbeslag
  • 30 forenkla førelegg for fart
  • Eitt forenkla førelegg for usikra barn
  • 12 gebyr for manglande bilbelte
  • 16 forenkla førelegg for bruk av mobiltelefon
  • To utslag på lågpromille

Hatlenes meiner det er for mange reaksjonar.

– Vi ynskjer at dei som ferdast forbi skulane har eit godt fokus på det som føregår langs vegane, at dei har eit skjerpa blikk og følgjer trafikkreglane. Det er små born som går langs vegen og dei har eit heilt anna åtferdsmønster og ser ikkje same farar som oss vaksne, seier han.

Fleire sikrar borna

På den positive sida viser kontrollane at folk er flinkare til å sikre borna sine.

– Vi starta med litt meir fokus på Aksjon skulestart i 2015. I løpet av desse tre åra ser vi ein nedgang på manglande sikring av born. Frå 10 i 2015 til tre i 2016 og berre eitt forenkla førelegg i år, seier han.

– Kvifor denne nedgangen?

– Det kan vere tilfeldig, at det er årskull som er meir opptekne av tryggleik eller det kan vere at kontrollane har gitt resultat. Det er vanskeleg å seie, men uansett ei gledeleg utvikling. Det er viktig å sikre borna, og at ein sikrar dei korrekt.

Fleire kontrollar

Hatlenes seier at dei håpar å kunne følgje opp med fleire kontrollar på skulevegane utover hausten.

– Etter at vi har summert opp så ser vi at både fart og mobilbruk er eit problem forbi skulane. Vi har hatt to førarkortbeslag på relativt høg fart, 28 forenkla førelegg på fart og 16 forenkla førelegg på mobilbruk, seier han og avsluttar.

– Det er heilt klart viktig at politiet er til stades ved skulane også no i haust.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå