Politiet vil gjere alt for å finne svar

Etterforskinga held fram for fullt etter at ei død kvinne i går vart funne i Sognefjorden.

Etterforskinga held fram

FÅ SPOR: Den sakna Marita Sælen (46) frå Os vart sist sett etter å ha forlete utestaden Dampen i Vik sentrum klokka 02:20 natt til laurdag. Der sluttar spora og politiet håpar etterforskinga skal gje nye svar på kva som har skjedd.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Politiet trur dette er den 46 år gamle kvinna som har vore sakna i Vik sidan laurdag.

– Me ynskjer å få svar på kva som har skjedd i forkant av at ho har sklidd i sjøen. Familien ønskjer sjølvsagt òg å få mest mogleg svar, viss det er svar å finna, seier regionlensmann Arne Johannessen.

(Artikkelen held fram etter biletet.)

Mjølsvik død kvinne funnen

FUNNSTAD: Her ved Ortnevik i Sognefjorden vart ei død kvinne funnen i går. Kvinna er enno ikkje identifisert, men politiet trur det er den sakna.

Foto: NRK-tipsar

Treng hjelp frå publikum

Politiet skal no gjere nye avhøyr og det er planar om å ha ei rundspørjing av folk som bur i Vik sentrum. I tillegg held kriminalteknikarar fram arbeidet.

Arne Johannessen

ØNSKJER HJELP: Regionlensmann Arne Johannessen seier politiet først og fremst treng informasjon om folk og bilar som oppheldt seg i sentrum den natta då kvinna forsvann.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Me ønskjer å snakka med flest mogleg. Jobben vår er framleis å identifisera bevegelsar, for me har ingen sikre observasjonar etter klokka 02:20 natt til laurdag. Me håpar å få vita meir og treng framleis hjelp frå publikum, seier Johannessen.

– Kva treng de hjelp til?

– Fyrst og fremst informasjon om bevegelsar, om nokon har sett noko i sentrum, sett den sakna, andre personar, bilar eller kva det måtte vera, seier Johannessen.

Blir identifisert i dag

Den døde kvinna vart funnen ved Ortnevik i Sognefjorden. I natt vart ho frakta til obduksjon ved Gades institutt i Bergen. Den døde kvinna vil bli identifisert av familien i Bergen i dag, men politiet trur det er den sakna 46 år gamle kvinna frå Os som er funnen.

Som før held politiet alle moglegheiter opne.

– Ingenting tyder på at det har vore ei kriminell handling, men politiet kan aldri sjå bort frå noko. Difor etterforskar me breitt, seier Johannessen.

Leiteaksjon i Vik

STOR LEITEAKSJON: Store mannskap vart laurdag sett i sving då den 46 år gamle kvinna frå Os i Hordaland vart meldt sakna.

Foto: Noralv Pedersen / NRK