Hopp til innhold

Politiet væpnar seg frå i dag

Ved alle lensmannskontor blir våpen henta fram i dag. – PST si trusselvurdering gjeld også i Sogn og Fjordane, seier konstituert politimeister Jørn Lasse Førde Refsnes.

Politimenn med våpen patruljerer

VÆPNAR SEG: Frå i dag kan du sjå politi som ber våpen. Biletet er teke i samband med terrortrugsmålet i sommar.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Politiadvokat Jørn-Lasse Førde Refsnes
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Det er mellom 60 og 90 prosents risiko for at Norge vil bli utsett for eit islamistisk terrorangrep i løpet av det neste året. Det kjem fram i ei hemmeleg orientering PST har gitt regjeringa, skriv Dagbladet.

Det auka trugsmålet mot Norge gjer til at polititenestemenn i fylket væpnar seg som i resten av landet. Det betyr at uniformert personell som patruljerer fylket i utgangspunktet vil vere væpna med pistol til ei kvar tid.

– Alle lensmannskontora i fylket vil ha dette som praksis frå i dag og ein månad fram i tid, seier Førde Refsnes til NRK.

Usikker på terrorfaren i fylket

Han fryktar ikkje spekulasjonar om at dermed vil også kriminelle væpne seg.

– Det er jo ein generell debatt om væpning av politiet. Det som er bakgrunnen for det vi gjer i dag er den trusselvurderinga som er formidla frå PST. Og det er at uniformert politipersonell er utsett for ein terrorfare.

Noko av grunnen til at ein no skal bere våpen er terrorfaren. Men kor stor faren for terror i Sogn og Fjordane er usikker.

– Vi må ta høgde for at slike ting kan skje alle plassar, sjølv om dette er eit fredeleg fylke. Men vi har ikkje konkrete haldepunkt for at det skal skje terrorangrep her i fylket.

Fortløpande vurderingar

Kritikarar har hevda at dette er snikinnføring av generell væpning av politiet. Førde Refsnes seier han ser den innvendinga, men håpar at det ikkje er det.

– No får vi sjå korleis dette går denne månaden. Væpninga skjer etter trusselvurderingane som er gjort.

Han understrekar at det også vil bli gjort vurderingar i månaden som kjem om det er hensiktsmessig å væpne seg i ein kvar situasjon.

– Vi vil fortløpande måtte vurdere om det er situasjonar der det er hensiktsmessig å ikkje vere væpna, der det kan vere aktuelt å legge vekk våpenet, seier han.