– Eg ser det som lite truleg at nokon kan vere i Førde ei heil helg utan å leggje att ei eller anna form for spor, seier lensmann Kjell Fonn.
Ingen sikre spor
Helga det er tale om er den første helga i juni. Morgonen den 6. juni vart den 22 år gamle sjukepleiestudenten Anne Slåtten funnen drepen i Angedalsvegen i Førde. No – vel ein månad etter drapet – står politiet framleis utan nokon mistenkt og utan sikre spor. No er håpet at ei utvida undersøking av mobiltelefontrafikken den natta drapet fann stad, skal gje nye svar.
Sjekkar fleire telefonsamtaler
Kjell Fonn
Kartlegginga av mobilbruken har til no dreidd seg om tidsrommet mellom klokka 6 og klokka 8 og det har ikkje gitt viktige opplysningar. Politiet utvidar no granskinga av telefonbruk til kl 4 om morgonen.
– Vi har fått lister over kva nummer som har vore i bruk, og vi kjem no til å ringe desse nummera for å finne ut kven det er ringt til og kvar desse har vore på det tidspunktet, seier Fonn.
Sjekkar bruk av kredittkort
Heller ikkje avhøyr av kring 700 personar eller dei kring 500 tipsa politiet har fått inn har gitt politiet sikre spor å gå etter. No vil dei i tillegg til å utvide undersøkinga av mobilaktiviteten også undersøke alle korttransaksjonar gjort i Førde den aktuelle helga. Frå fredag til måndag har det vore utført 27 000 transaksjonar på 9 300 kort.
Politiet har sikra seg DNA som truleg stammar frå drapsmannen, og ei rekkje personar har vore inne til spyttprøve. Når politiet no utvidar telefon og betalingskort-søket, er det fordi korkje spyttprøver, avhøyr eller tips så langt har gitt politiet konkrete spor å gå etter.