NRK Meny
Normal

Politiet tok førarkortet – tingretten gav det tilbake

Ein mann i 60-åra fekk førarkortet inndratt etter kollisjon i mars. Retten fann ingen grunn til å halde det tilbake.

Mannen mista førarkortet etter ein kollisjon mellom to personbilar på RV 60 i Stryn, i mars i år.

Føraren i den eine bilen blei sikta for å ha ikkje ha vore tilstrekkeleg omsynsfull då han kom over i motgåande køyrefelt og kolliderte med ein møtande bil.

Ikkje ein trafikkrisiko

Den sikta mannen forklarte i tingretten at han er ein erfaren sjåfør og at køyringa den dagen skjedde på rein rutine.

Politiet ville halde tilbake førarkortet til saka var endeleg avgjort.

Fjordane tingrett konkluderte med at mannen ikkje utgjer ein risiko i trafikken, mellom anna fordi han ikkje har vore involvert i liknande ulykker tidlegare.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.