Hopp til innhold

Hit, men ikkje lenger

Fleire casuals frå Bergen var på veg til fotballkamp i Sogndal då politiet stoppa dei ved Sognefjorden.

Fodnes ferjekai.

HIT, MEN IKKJE LENGER: Ein bil med casuals frå Bergen vart stoppa av politiet.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Dei mellom fem og sju personane vart stoppa på Fodnes ferjekai like før klokka 14. Bilen var på veg til Sogndal og eliteserienkampen mellom Sogndal og Brann.

Politiet er sparsame med opplysningar rundt korleis dei visste om bilen som var på veg til Sogndal.

– Vi visste om dei. Eg trur ikkje vi skal gå nærmare inn på korleis, seier operasjonsleiar hos politiet Nils Erik Eggen.

Frykta uro

– Kva gjorde politiet med desse personane?

– Det er grunn til å tru at dei ville skape ordensproblem i samband med kampen i Sogndal. Dei vart difor nekta å køyre vidare.

Politiet ville sikre seg at personane ikkje kom tilbake.

– Personane vart bortvist og også følgt eit stykke på veg tilbake til Bergen, seier Eggen.

– Korleis reagerte dei på å bli stoppa?

– Det har eg ikkje nokon konkret informasjon om. Eg går ut i frå at det ikkje var det dei ønskja seg, men det greit for seg, seier Eggen.

Nils Erik Eggen

OPERASJONSLEIAR: Nils Erik Eggen.

Foto: Steinar Lote / NRK

Politiet vil ikkje ut med korleis dei visste om at bilen var på veg nordover frå Bergen.

Ekstra mannskap

Også i kveld stiller politiet med ekstra mannskap på Fosshaugane, under den avgjerande kampen for Sogndal.

Det er ikkje første gong politiet er ekstra førebudde før ein kamp på Fosshaugane.

I oktober-kampen mot Lillestrøm stilte politiet med ekstra mannskap både før, under og etter kampen. Årsaken var at Politiet var blitt åtvara om kanari-casuals.