Hopp til innhold

– Skadepotensialet var veldig stort

– Nokre av steinane er mellom 15 og 20 centimeter store i omkrins. Heldigvis var ingen av borna ute då sprengingsuhellet skjedde.

Skade på vegg etter sprengingsuhell ved Brandsøy barneskule, Florø

SKADER: Skadane på skulebygget viser kva innslagskraft steinane hadde.

Foto: Privat

Det seier politiførstebetjent Kjell Magne Barsnes i Florø. Måndag hagla det stein over den kombinerte barnehagen og barneskulen i Brandsøy.

Politibetjent Kjell Magne Barsnes

ETTERFORSKAR: Politiførstebetjent Kjell Magne Barsnes seier politiet har starta etterforsking på eige initiativ etter sprengingsuhellet.

Foto: Simon Solheim / NRK

Sprengingsuhellet skjedde like før klokka 10. Etter det NRK kjenner til var born i ferd med å gjere seg klare til å gå ut då uhellet skjedde.

– Store steinar flaug i retning av skulen. Skadepotensialet var veldig stort, seier Barsnes.

96 born på området

Steinane ligg spreidde kring om på området til den kombinerte barneskulen og barnehagen med 96 born. Bygget fekk skade i tak og vegg.

Det ligg nabohus tett på, men desse ser ikkje ut til å ha fått skade.

– Det er jo berre utruleg flaks at ingen vart skada. Dei må vere meir forsiktige om dei skal sprenge like ved ein skule, sa FAU-leiar Stine Endestad Brandsøy til NRK måndag.

– Skadane på skulehuset viser litt kva innslagskraft steinane har hatt, seier Barsnes.

Får informasjon

Stein på skuleplassen etter sprengingsuhell ved Brandsøy barneskule, Florø

SPREIDDE: Medan steinane hagla over den kombinerte barnehagen skulen i Brandsøy, gjorde fleire av dei 96 borna seg klare til å gå ut.

Foto: Privat

Uavhengig av kommunen sitt varsel om å melde hendinga til politiet, har politiet opna etterforsking. Måndag starta dei innleiande undersøkingane. Barsnes vil ikkje kommentere kva som har kome fram til no.

– I dag avhøyrer vi dei som utførte arbeidet og dei ansvarlege hos entreprenøren. Vi har også dialog med kommunen og får informasjon frå dei, seier Barsnes.

– Vi set pris på informasjonen vi kan få frå kommunen, mellom anna informasjon som er gitt naboar i samband med sprenginga, legg Barsnes til.