Politiet skulle hatt fleire folk på plass under flaumen, syner evaluering

Beredskaps- og naudetatane har i dag evaluert handteringa av flaumen som råka fylket i oktober. Hovudkonklusjonen er at ting vart handterte bra, men politiet skulle mellom anna hatt fleire folk på vakt.

Flåmselvi sine herjingar

HERJINGAR: Vatnet tok seg fram der det ville under herjingane i oktober. Evalueringa syner likevel at dei involverte partane handterte situasjonen bra, men at enkelte ting kunne vore gjort betre.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Politiet har litt for få folk på jobb i slike situasjonar som vi hadde her. Det er eit ynskje når ting skjer, at vi har nok ressursar, seier Lærdalsordførar Jan Geir Solheim.

Ordførar Jan Geir Solheim

MEIR FOLK: Politiet burde hatt fleire folk på jobb under flaumen, meiner ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

Foto: Jan Christian Jerving

Kommunen hans var ein av dei som vart hardast råka då vassmassane velta over elvebredder og fann nye far, som øydela vegar, bruer, hus og eigedomar i oktober.

I dag var alle involverte organisasjonar og etatar samla for å evaluere korleis ein handterte situasjonen som oppstod. Samla sett er ein godt nøgde med måten ting vart gjort på, men også politimeister Ronny Iden innrømmer at noko kunne vore gjort annleis.

– Flaumen råka mange stader, og det var andre samanfallande hendingar. Utfordringa er å få nok folk på plass, og vi hadde nok, men skulle gjerne vore fleire, seier Iden.

Kan aldri kome raskt nok i gang

Han understreka, som også ordførarane i Lærdal og Aurland og fylkesberedskapssjefen gjorde, verdien av dei frivillige sin innsats.

– Utan deira bistand til evakuering og vakthald, så ville det vore ei mykje større utfordring, seier Iden.

Hardast råka av vassmassane i Sogn og Fjordane, vart Aurland kommune. Fleire hus vart tekne av flaumen, og mange hundre menneske vart evakuerte då det stor på som verst.

Beredskap- og naudetatane evaluerte i dag flaumen i oktober, saman med kommunane og frivillege-.

GOD JOBB: Beredskap- og naudetatane evaluerte i dag flaumen i oktober, saman med kommunane og frivillige organisasjonar.

Foto: Eldgrim Fossheim

– Det var eit godt samarbeid, men vi kan aldri mobilisere tidleg nok. Det er kjekt å få stadfesta at vi ikkje skal vere redde for å ringe. Det kunne vore gjort enno tidlegare, og det skal vi ta med oss vidare, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad.

Oppsummeringa etter flaumen tyder på at kommunikasjonen mellom dei involverte fungerte betre enn kva det til dømes gjorde under brannen i Lærdal i januar 2014.

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, trur dei tok med seg viktige lærdomar som kom til nytte då vassmassane skapte utfordringar.

– Vi er tidlegare ute med beskjedar, og seier tydlegare frå kva vi treng. Og så var vi flinkare til å samordne alle som bidrog, understrekar han.