NRK Meny
Normal

Politiet siktar mann i 20-åra etter vald ved utestad

Ein mann i 20-åra er sikta etter å ha påført ein annan alvorlege skader i eit slagsmål ved ein utestad i Florø natt til søndag.

Politihuset i Florø

SIKTA: Politiet har sikta ein mann i 20-åra etter valdsepiosden i Florø i helga.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Dette er ei alvorleg sak, seier stasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjon.

Ein mann i 40-åra vart lagt i kunstig koma då han i helga fekk behandling for brotskadar i andletet ved Haukeland universitetssjukehus. Politiet i Florø etterforskar no saka og har avhøyrt fleire vitne.

– Det vil vi fortsette med utover dagen. Vi har òg sikta ein person for kroppsskade, han vart avhøyrt i går, seier Veseth.

Stasjonssjef Robert Veseth

ETTERFORSKAR VALD: Stasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjon seier dei har sikta ein person for kroppsskade etter eit slagsmål i Florø i helga.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Politiet vil ikkje avsløre kva som har kome fram i vitneavhøyr eller kva den sikta har forklart.

– Det er fordi vi enno ikkje ferdig med alle avhøyra i saka, seier Veseth.

Politiet ønskjer gjennom etterforskinga å kartleggje kva som faktisk har skjedd. Politiet trur hendinga starta utanfor ein utestad, men veit enno ikkje kva som var bakgrunnen.

Den sikta er ikkje varetektsfengsla, men vart sett fri etter å ha forklart seg for politiet. Dei skal no vurdere om dei vil utvide siktinga.

– Det kan vi ikkje sjå vekk frå, seier Veseth.

Valdsofferet vart lagt inn på Haukeland sjukehus med alvorlege skadar og måtte gjennom fleire operasjonar. I går opplyste politiet at mannen i 40-åra var utanfor fare. Haukeland sjukehus opplyser klokka 11.30 i dag at mannen framleis er alvorleg skadd.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen