NRK Meny
Normal

Politiet rota med datoar – beklagar til dei råka familiane

Måndag kom det fram at den sikta etter trippeldrapet i Årdal skulle vore sendt ut av landet tre dagar før ugjerninga skjedde. No syner det seg at opplysingane ikkje stemmer, og at det er politiet som har slurva i sin rapport.

Åstaden for trippeldrapet

POLITIET ROTA MED OPPLYSINGAR: Politiet i Sogn og Fjordane opplyste i går at den sikta trippeldrapsmannen skulle vore send ut av landet då han drap tre menneske om bord på Valdresekspressen. No syner det seg at opplysingane ikkje stemmer.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

I rapporten politiet i Sogn og Fjordane la fram måndag, om handteringa av trippeldrapet i Årdal, kom dei med opplysingar om at den sikta skulle sendast ut av landet 1. november, tre dagar før den tragiske hendinga på Valdresekspressen.

No syner det seg at opplysingane politiet sjølve kom med i går ikkje stemmer, og at første utsending av mannen var planlagt den 4. november.

– Dei etterlatne vart informerte om feilen vi hadde gjort aller først, og vi beklagar på det sterkaste feilen som er gjort, seier Eli Anne Tverrgrov, rådgjevar i politiet.

NRK bad om innsyn i eit notat frå Politiet utlendingseining, og det var då politiet skulle gje ut denne dei oppdaga feilen i rapporten.

Og akkurat detaljen om at mannen skulle vore utsend då drapa skjedde, har vore belastande for familien til ei av dei drepe, sa bistandsadvokat, Maria Kirkeide Ravnå til NRK tidlegare i dag.

Maria Kirkeeide Ravnå

BELASTANDE OPPLYSINGAR: Bistandsadvokat Maria Kirkeide Ravnå sa til NRK tidlegare i dag at opplysingane om at den sikta skulle vore send ut av landet før drapa skjedde har vore belastande. No syner det seg at opplysingane politiet sjølve kom med ikkje stemmer.

Foto: NRK

– Det er klart at dette er vanskeleg for dei pårørande å få lese at den sikta skulle vore sendt ut av landet tidlegare. Dette rører dei sterkt. Dei lurer jo på kvifor utsendinga vart usett, og kvifor han var i Årdal når han skulle sendast ut, seier Maria Kirkeeide Ravnå.

Ein glipp som ikkje skulle skjedd

Tverrgrov seier det har vore ei stor utfordring for politiet å skrive rapporten som skulle offentleggjerast.

– Hovudoppgåva vår var å gjere greie for beredskap, operasjonssentralen, væpning og val av utrykkingsveg. I den 23 sider lange rapporten er det mange detaljar.

Ho seier det aldri var meininga at politiet i Sogn og Fjordane skulle greie ut om uttransporteringa av den sikta, men at det var noko Politiets utlendingseining skulle ta seg av.

– Vi skulle berre orientere om at Widerøe ikkje tek meir enn eit transportoppdrag per fly, og i introduksjonen til dette, så har vi gjort ein glipp. Det er kjempetrasig, seier Tverrgrov.

Politiet seier dei beklagar gleppen, og beklagar ekstrabelastinga dei råka familiane kan oppleve med dette.

Bistandsadvokat Ravnå seier til NRK at ho ikkje har fått snakka skikkeleg med familien endå, og ynskjer førebels ikkje å kommentere saka.


Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.