NRK Meny
Normal

Sikta blir framstilt for varetektsfengsling

Ein mann og ei kvinne har langfredag sete i avhøyr hos politiet etter valdsepisoden i Florø skjærtorsdag. Laurdag vert mannen framstilt for varetektsfengsling.

Valdsepisode havreneset Florø.

SIKTA FOR LEKAMSSKADING: To personar, ein mann og ei kvinne, er sikta for lekamsskading etter at dei skal ha oppsøkt denne leilegheita i Florø og gått til angrep på ei kvinne og ein mann der.

Foto: Eivind Hauge

Det bekreftar operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Nils Erik Eggen, til NRK.

Sikta kvinne sleppt fri

Dei to sikta har blitt avhøyrt fredag. Kvinna vart tidlegare fredag kveld dimittert, medan mannen vert framstilt for varetektsfengsling laurdag. Det er ukjent kor lang varetektsfengsling det vil bli bede om.

– Vi ønskjer det grunna sakens karakter, og av omsyn til etterforskinga. Det er litt usikkert om det vert vanleg rettsmøte eller ei kontorforretning der partane er samde om fengsling, men i augneblinken ser det ut til å bli ei kontorforretning, seier Eggen.

Mannen og kvinna er sikta for lekamsskading etter valdsepisoden på ei privat adresse i Havreneset i Florø torsdag morgon. Dei to skal ha kome til staden og gått til angrep på ei kvinne (43) og ein mann (42) som var i leilegheita.

– Stiller seg ukjend til saka

Fire timar seinare vart to personar arresterte. Det skal blant anna ha blitt brukt slagreiskap. Kvinna fekk alvorlege skader og får behandling ved Førde sentralsjukehus.

Den sikta kvinna som er dimittert stiller seg meir eller mindre ukjend til saka, ifølgje forsvararen hennar, Stig Nybø.

– Ho meiner ho ikkje har hatt nokon innverknad på det, seier han.

Nybø har ikkje hatt kontakt med kvinna direkte endå, og seier at det truleg ikkje vil bli fleire avhøyr av ho før etter påske.

NRK har ikkje fått tak i forsvararen til den sikta mannen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.