NRK Meny

Politiet ønskjer tips

Politiet ber om tips etter ei alvorleg sykkelulukke i sentrum av Selje i går. Ein 75 år gamal mann vart funnen medvitslaus, og får no behandling for alvorlege skader etter å ha ramla av sykkelen. Politiførstebetjent Birger Løvskar seier dei går breitt ut i etterforskinga, og er interesserte i å kome i kontakt med folk som kan ha sett noko. Ut frå skader på sykkel og hjelm er det ikkje noko som tilseier at han er blitt påkøyrd, seier Løvskar. Mannen vart funnen like ved Selje Skjortefabrikk, klokka 07.45 måndag morgon.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.