NRK Meny
Normal

Politiet ønskjer bilde frå brannen

Politiet i Sogndal ber folk om å sende inn bilde frå brannen i Sogndal sentrum.

Branntomta i Sogndal sett frå sjø

SOGNDAL: To bustadhus vart totalskadde i brannen natt til sundag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er for å danne seg eit best mogleg bilde av kvar brannen starta og korleis brannbildet utvikla seg.

Det seier Ole Tom Nord, operasjonsleiar i Vest politidistrikt. Dei håpar at folk som har bilde frå brannen i Sogndal sentrum natt til sundag, sender desse inn.

Personar som har bilde kan ta kontakt med Sogndal politistasjon.

Dramatisk natt i Sogndal

Det var i totida natt til sundag at brannalarmen gjekk. To bustadhus i Sogndal sentrum stod i full fyr. Brannmannskap frå Førde, Sogndal og Leikanger vart kalla ut for å hjelpe til med sløkkinga.

Vidar Trettenes er brannsjef i Sogn brann og redning. Han seier at brannmannskapa var prega etter sløkkingsarbeidet.

Brann Sogndal

I FULL FYR: Brannmannskap frå Førde, Sogndal og Leikanger rykka ut då det kom melding om brann i Sogndal.

Foto: Øivind Emil Grønningsæter

– Eg trur nok at dei fleste kjenner på at det var tøffe tak den natta og utfordrande sløkkearbeidet. Vi tenkjer sjølvsagt og på dei som er råka.

Trettenes seier at jobben mannskapet gjorde var avgjerande for korleis det gjekk.

– Mannskapet gjorde ein kjempejobb. Eg så at mange var godt prega etter å ha stått på nede mellom husa der. Eg trur heilt klart at det var deira forteneste at det gjekk bra, seier brannsjefen.

To bustadhus vart totalskadde i brannen og fem personar fekk legesjekk etter å ha pusta inn røyk.

Kriminalteknikarar undersøkte branntomta i går.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast