Politiet om 112-svindel: – Ikkje ta telefonen

Har du blitt ringt opp frå 112? Nok ein gong brukar svindlarar naudnummeret for å lure folk.

112 ringer til iphone

IKKJE SVAR: Politiet ber deg om å ikkje svare viss du får ein telefon frå nummeret 112.

Illustrasjon: NRK

– Eg kan trygt seie at det ikkje er politiet som slår på tråden, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Dan Erik Johannessen.

For ein knapp månad siden blei folk over heile Noreg ringde opp av telefonnummeret 112. No skjer det igjen.

På fredag gjekk Sør-Vest politidistrikt ut med ei åtvaring, og på laurdag gjorde Vest politidistrikt det same. Svindlarane ser ikkje ut til å gi seg med det første.

– Det skjedde for nokre veker sidan, og det skjer igjen denne helga. Vi har fått fleire telefonar frå folk som har blitt oppringde i dag, seier Johannessen.

Det tresifra nummeret er kjend for både små og store som naudnummeret for å komme i kontakt med politiet.

– Politiet bruker aldri 112 for å ringe folk, seier Johannessen.

– Ikkje svar

Folk som har svart på telefonen fortel om ein person i andre enden som snakkar gebrokket norsk, og at dette truleg er eit forsøk på svindel.

No har operasjonsleiaren i Vest politidistrikt ei klar oppmoding til folk som ser 112 lyse på skjermen.

– Ikkje ta telefonen, seier Johannessen.

Fleire politidistrikt har sidan i haust gått ut med ei åtvaring om svindelforsøket.

Politidirektoratet har tidlegare sagt at svindlarane brukar teknologi som gjer at dei kan velge ut nummeret, som skal vise på telefonen til personen som blir oppringt.

Laster Twitter-innhold