NRK Meny
Normal

Politiet har bede Kripos om hjelp i brannetterforskinga

SELJE (NRK): Politiet meiner brannen på Selje hotel kan ha starta i eit hotellrom i underetasjen.

Selje hotel i brann
Foto: Alvin Honningsvåg

Det seier regionlensmann Tormod Hvattum i Nordfjord.

– Vi veit førebels ikkje så veldig mykje, men slik vi ser staden no, så har vi ei viss aning om kvar brannen starta. Det blir utgangspunktet når vi startar dei tekniske undersøkingane, seier lensmannen.

Avhøyrer vitne

Seljeværingane er prega etter at flammane slukte store delar av Selje hotell i natt. Hotellet var vinterstengt, og ingen personar kom til skade i brannen.

Brannen vart meldt sløkt i 12-tida. Sjølv om ruinane framleis er for varm til å bli undersøkt, har politiet starta jakta brannårsaka.

– Vi gjer ei taktisk etterforsking, der vi avhøyrer vitne og naboar som vi meiner kan ha opplysningar når vi prøver å danne oss ei bilete før vi startar den tekniske undersøkinga, seier Hvattum.

Kripos kjem måndag

Brannen vart meldt sløkt i 12-tida. Politiet har bede Kripos om bistand. Dei er venta å starte undersøking av branntomta på måndag. Fram til då vil politi og brannvesen halde vakt ved tomta.

– Vi har god kompetanse på kriminalteknikk som inkluderer brann, men for å kvalitetssikre oss sjølve i ein så omfattande brann, ber vi om hjelp, seier Hvattum.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast