NRK Meny

Politiet måtte vekke sovande mann

Natt til laurdag la ein mann i 20-åra seg til å sove på ein benk i Sogndal.

Politi illustrasjon

UNGE MENN SKAPTE ARBEID: Det var for det meste unge menn i 20-åra som politiet måtte bryne seg på natt til laurdag.

Foto: Kyrre Lien/Scanpix

Det var i sentrum nokon fann 20-åringen sovande på ein benk. Politiet vekte mannen og køyrde han heim til noko litt meir komfortabelt.

Laster Twitter-innhold

Politiet måtte bryne seg på fleire unge menn i 20-åra natt til laurdag.

I Førde er ein mann meld for urinering på offentleg stad. Kl. 02.22 blei mannen tatt med buksene nede i Førde sentrum.

Det same skjedde seinare på natta då politiet ferska ein mann i 20-åra for urinering ute ved kysten. Mannen blir meld for urinering i sentrum av Florø.

I Sogn tok politiet skilta til ein bilist. I Kaupanger trefte dei på ein bil som mangla både forsikring og som ikkje hadde betalt årsavgift.

Laster Twitter-innhold
Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar