Hopp til innhold

Politiet manglar framleis svar

Politiet i Sogndal hadde i dag oppsummeringsmøte saman med Kripos for å gå gjennom status i Veronica-saka.

Arne Johannessen

NÆRMAR SEG AVSLUTNING: Politiet er snart ferdige med etterforskinga i Veronica-saka, seier Arne Johannessen.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Vi nærmar oss ei avslutning av sjølve etterforskinga, seier regionlensmann Arne Johannessen etter møtet.

I dag hadde han ein totalgjennomgang av saka saman med etterforskingsleiinga og Kripos, og det er framleis spørsmål dei ikkje har fått svar på.

Framleis spørsmål utan svar

Veronica Heggheim Stegegjerdet vart 14. november funnen død i Barsnesfjorden i Sogndal, etter å ha vore sakna i nær tre veker. Politiet har etterforska saka som mistenkeleg.

Etterforskinga held fram ein periode enno, seier lensmannen.

– Vi har framleis arbeidsoppgåver som står att, mellom anna nokre oppgåver som ligg hjå Kripos for analyse. Det er i hovudsak dataanalyse og telefonianalyse, som ikkje er heilt avslutta. Vi vurderer at vi ikkje treng meir hjelp med sjølve etterforskinga i Sogndal.

– Veit de noko meir om kva som skjedde med Veronica?

– Vi har kartlagd veldig mykje når det gjeld bevegelsar og hendingar rundt. Men det er framleis ting som ikkje er heilt avklart. Men eg kan ikkje gå inn på det no. Det må vi vente med til etterforskinga er heilt avslutta, seier Johannessen.

– Ingenting som tyder på utvida sikting

Ein mann i 40-åra er framleis sikta, både for narkotikalovbrot, falsk forklaring i Veronica-saka og lekamskrenking mot Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Mannen vart først fengsla og sikta for falsk forklaring i november, men denne vart i desember utvida til også å gjelde vald mot kvinna. I tillegg er han sikta for omgang med kring ein kilo hasj.

For snart to veker sidan vart han sett fri, fordi Sogn tingrett ikkje finn grunnlag for mistanke om vald mot Veronica, og politiet langt på veg ser seg ferdige med etterforskinga av narkotikasaka.

– Per i dag er det ingen endring i siktinga. Når saka er ferdig etterforska hjå politiet, blir ho send til påtalemakta. Då er det påtalejurist som vurderer kva som vert den endelege tiltalen, seier Johannessen.

– Vart det diskutert å utvide siktinga?

– Det er ingenting som tyder på det, seier han.