– Viss eg bryt fartsgrensa må eg nok springe i skogen

ASKVOLL (NRK): Med sirener og blålys kom politiet til akebakken i Askvoll for å passe på moglege fartssyndarar. Men borna på akebrettet hadde ikkje mykje å frykte.

Fartsmåling i akebakken

FARTSKONTROLL: – Det er kanskje meir spennande med fartskontroll i akebakken, enn på vegen, seier politibetjentane i akebakken i Askvoll.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Fartsgrensa er innanfor det forsvarlege og så lenge det er gøy, konstaterer politibetjentane Sunniva Bruland og André Norevik.

Dei var på plass på eit litt uvanleg oppdrag – fartskontroll i Magnusbakken, der ivrige born testa vinterføret på akebrettet.

Synniva Bruland og André Norevik

VARM KAKAO: Både stor og små fekk varme seg på kakao innimellom slaga.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Det er nok mange fartssyndare her, men det har ikkje så mykje å frykte. Det er nok ikkje behov for reaksjonar. Det viktigaste er at vi er ute og snakkar med borna, slik at dei ser kven vi er og at vi ikkje er farlege, seier Bruland og Norevik.

Med kakao som drivstoff

Men kor fort borna eigentleg køyrer kjem an på kor mykje kakao dei har drukke, trur primus motorar for akearrangementet, naboane Daniel Kværnes og Dag Roar Fridtun. Dei har rigga til lys, lyd og ei campingvogn med kakaoservering i akebakken.

– Så lenge det er snø serverar vi kakao her kvar kveld, men det verka som dei synest det var stort at politiet kom i kveld, seier dei.

Daniel Kværnes og Dag Roar Fridtun

ARRANGØRANE: Daniel Kværnes og Dag Roar Fridtun synest det er moro at så mange kom på akekvelden dei arrangerte.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Til skogs

Håvard Olsot (11) trur han mest sannsynleg kjem til å bryte fartsgrensa, der han står øvst i bakken. Men, han har ein klar plan for kva han må gjere viss han blir tatt.

– Eg håpar det går i 60 kilometer i timen. Viss eg bryt fartsgrensa må eg kanskje springe i skogen, seier han, før han sett utfor.

Fartsmåling i akebakken

KLAR, FERDIG, GÅ: Det gjekk unna då borna sette utfor akebakken.

Foto: Ola Weel Skram / NRK