Hopp til innhold

Politiet må vente med Snapchat

Politiet blir likevel ikkje å finne på det sosiale mediet Snapchat under dei store festivalane i fylket i år. Leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, var i vinter optimist med tanke på akkurat det. Men etableringa av nettpatruljen har gått seinare enn venta slik at politiet må oppretta ei lokal løysing på messenger for å kommunisere med festivalpublikumet. – Det har teke lengre tid enn venta å få på plass den tekniske løysinga og folk i stillingane. Dette må vere på plass før også vi kan ta i bruk dei same verktøy som vart brukt under festival i Kristiansand og Bodø med veldig gode resultat, seier Johannessen.