Hopp til innhold

Politiet i Sogn og Fjordane må kutte 2,3 millionar kroner

Oppdrag må vente og aktiviteten må ned. Det blir konsekvensen av at politiet i Sogn og Fjordane har fått krav om kutt på 2,3 millionar kroner.

Politihuset i Florø

STÅR FRAMFOR STORE KUTT: Per i dag har ikkje Sogn og Fjordane politidistrikt klart føre seg korleis dei skal klare det.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Politiet i Sogn og Fjordane må kutte overtidsbudsjettet med over 20 prosent. Det vil seie 2,3 millionar kroner. Administrasjonssjef Trond Arne Aglen i Sogn og Fjordane politidistrikt trur dette blir vanskeleg.

– Det er krevjande å få ein slik beskjed om å kutte overtidsforbruket vårt med heile 20 prosent. Det er ikkje slik at politiet jobbar overtid fordi vi har lyst til det. Vi jobbar overtid fordi det er kravd. Det er gjerne hendingar som gjerne er knytt til liv og helse vi ofte må jobbe utanom ordinær arbeidstid.

Då forslaget til statsbudsjett vart lagt fram i førre veke, føreslo regjeringa å gje 400 millionar kroner til politiet. Dei sa ingenting om at dei også har varsla store kutt.

(Saka held fram under bilete)

Trond Arne Aglen

VEIT IKKJE KORLEIS KUTTA SKAL SKJE: Trond Arne Aglen, administrasjonssjef i Sogn og Fjordane politidistrikt, veit ikkje korleis kuttet på 2,3 millionar kroner skal gjerast.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Ein tabell (nedst i saka) viser del av Plan- og rammene for politiet for 2015 som vart sendt ut til alle politimeistrane i landet i sommar. Kort tid før statsbudsjettet vart lagt fram, kom det eit ekstra tillegg der kutta var spesifisert.

Veit ikkje korleis kutta skal skje

Overtidsbruken utgjer ein tredjedel av innsparingane, noko som råkar små politidistrikt hardt. Ifølge oversikta til NRK må 23 av 27 politidistrikt kutte i overtidsbruk.

– Vi er ein etat som er inne i ein reform der det er venta at politiet skal kutte kostnadar og spare pengar slik at vi er ikkje overraska over at kuttet kjem. Det blir vanskeleg å få det som eit krav på bruk av overtid. Så vi ser ikkje korleis vi skal klare det per i dag, seier Aglen.

– Viss vi må kutte må vi redusere aktiviteten, og oppdraga må avgrensast til det som er strengt påkravd, det som kan vente må vente.

Framleis er kuttlista så fersk at politiet i Sogn og Fjordane ikkje har fått oversikt over korleis dei skal klare kutta.

– Vi har ikkje konkludert med korleis vi skal løyse det. Men ingen må uroe seg for at politiet ikkje kjem dersom det er behov for det. Vi jobbar med å finne løysingar på korleis vi skal klare krava frå departementet.

Må også kutte andre budsjettpostar

Men politiet må ikkje berre kutte overtidsbudsjettet. Dei må også kutte i andre postar.

– Det er fleire postar som skal kuttast. Det ligg ein forventning om at etaten skal bli meir effektiv. Så kutta kjem også i husleige, anskaffelsar og produksjon. Vi skal bli meir effektive og smartare.

– Totalt så har vi eit kuttkrav på 2,3 millionar kroner. Det er klart at det er mykje pengar i eit lite distrikt som slit med å få hjula til å gå rundt per i dag.

Det er føreslått at det skal tilførast politiet 200 nye stillingar.

– Vi veit at 200 stillingar er fordelte men Sogn og Fjordane ikkje har fått nokon av desse. Så er det att 153 stillingar som skal fordelast etter dialog med direktoratet. Vi har håp om å få nokre av dei stillingane, seier han.

Overtidskutt i politiet i 2015

Politidistrikt

Beregnet overtid 2014 pr. 01.07.2014

Kutt i 2015

Sparing i prosent (ca.)

Nye årsverk 2015 (200 av 350 stillinger er foreløpig fordelt)

Øst-Finnmark

6.708.040

1.320.000

20

0

Vest-Finnmark

5.112.727

1.000.000

20

0

Sogn og Fjordane

7.487.815

1.500.000

20

0

Nordmøre og Romsdal

7.889.798

1.550.000

20

8

Gudbrandsdal

5.374.782

1.100.000

20

0

Romerike

18.855.806

1.900.000

10

14

Midtre Hålogaland

7.579.325

770.000

10

0

Hedmark

9.591.018

1.000.000

10

7

Oslo

67.393.997

10.000.000

15

42

Sunnmøre

6.321.150

640.000

10

0

Vestoppland

5.451.677

520.000

10

0

Rogaland

19.264.536

3.800.000

20

17

Salten

4.633.123

460.000

10

10

Helgeland

4.431.401

230.000

5

0

Nordre Buskerud

4.833.087

230.000

5

2

Søndre Buskerud

10.189.304

1.500.000

15

9

Haugaland Sunnhordland

6.189.194

600.000

10

16

Sør-Trøndelag

10.189.194

1.400.000

10

12

Follo

6.732.862

320.000

5

0

Troms

6.112.224

0

0

5

Asker og Bærum

6.295.561

630.000

10

2

Hordaland

19.345.758

0

0

24

Telemark

7.948.804

380.000

5

0

Agder

11.180.635

550.000

5

12

Østfold

9.710.357

450.000

5

12

Vestfold

7.892.227

0

0

8

Nord-Trøndelag

4.410.922

0

0

0

Ekspander/minimer faktaboks