NRK Meny
Normal

Politiet let vere å etterlyse bilist i etterkant av ulykka

Eit vitne fortalde i politiavhøyr at han fem-seks minutt før han kom til ulykkesstaden der Thea Øvrebotten (19) omkom, møtte ein personbil i høg fart som låg midt i vegen. Politiet etterlyste aldri føraren av denne bilen.

Ei 19 år gamal kvinne omkom etter ei utforkøyring ved Nessane

I FJORDEN: Thea Øvrebotten (19) omkom då lastebilen ho køyrde, hamna i Sognefjorden etter ei utforkøyring i oktober i fjor.

Foto: Lars Jonas Pedersen / NRK

Det har gått eitt år sidan Knut Øvrebotten og Gunhild Falkevik mista dottera Thea (19) i ei lastebilulykke på fylkesveg 55 ved Nessane i Balestrand kommune.

Ifølgje ulykkesrapporten til Statens vegvesen har Thea vore i grøfta på høgre side, før bilen har komme inn att i vegbana, og så teke strake vegen mot vegrekkverket, rive med seg dette og gått i Sognefjorden.

Thea Øvrebotten drukna i ulykka. Tilbake sit dei pårørande med mange svar som dei aldri kjem til å få svar på.

Såg hendingane opp mot kvarandre

I rapporten frå ulykkesgruppa til Statens vegvesen heiter det:

«Eit vitne har fortalt i vitneavhøyr med politiet at han fem-seks minutt før han kom til ulykkesstaden møtte ein personbil. Personbilen hadde høg fart og låg midt i køyrebana, utan teikn til å endre plassering. Vitnet såg desse hendingane opp mot kvarandre, og tenkte at denne personbilen truleg hadde same køyreåtferd då han møtte lastebilen, med det resultat at vogntoget måtte kurskorrigere og dermed mista kontrollen.»

Foreldra skulle gjerne sett at politiet hadde etterlyst bilføraren som vitnet fortalde om.

– Vi sit att med mange spørsmål. Noko må vi berre godta at det ikkje er svar på, men det er ein del vi skulle hatt svar på, og som vi meiner vi kunne fått svar på, seier Falkevik.

Øvrebotten, som sjølv er yrkessjåfør, peikar på at det for dei pårørande ville betydd mykje å vite om det var ei årsak til at dottera mista kontroll over lastebilen.

– Det er verre å dokumentere om ho var åleine på vegen, eller om det var andre som forstyrra ho på ein eller annan måte, seier Øvrebotten.

Fartsskrivaren var øydelagd av vatn

I alle tunge køyretøy er det fartsskrivarar som seier noko om sjåføren si kvile- og køyretid, men også om køyretøyet sine rørsler. I ulykka til dottera var fartsskrivaren skadd av vatn, noko som førte til at ein ikkje kunne lese ut data av skrivaren.

Det er mogleg å sende øydelagde fartsskrivarar til eit spesiallaboratorium i Tyskland, der dei i mange tilhøve klarar å hente ut data. Dette valde politiet å ikkje gjere, då det er kostbart, og dei meinte det ikkje ville tilføre saka noko.

– Det er ikkje spesielt godt. Det er til å leve med, og det går an å forsone seg med det. Men det ville vore veldig godt å få svar. Då kan ein roe seg ned med det, seier Falkevik, og får støtte av ektemannen.

– Fartsskrivaren ville synt eksakt når ulykka skjedde, og om Thea bremsa kraftig før ulykka. Om det var stort sannsyn for at det ikkje ville gje noko svar, så er det betre å få eit endeleg nei, slik at ein kan setje to strekar under svaret, seier Øvrebotten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ville hatt fleire svar

VILLE VISST MEIR: Foreldra til Thea, Knut Øvrebotten og Gunhild Falkevik, hadde gjerne sett at dei hadde visst meir om kva som skjedde då dottera omkom.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Meinte opplysningane var for vage

Politijurist Katrine Trønsdal ved Sogn og Fjordane politidistrikt, stadfestar at politiet kjende til vitnet som hadde observert ein personbil i høg fart.

– Opplysningane vi fekk, vart vurderte til å vere litt for vage til at vi kunne gå ut og etterlyse køyretøyet, seier Trønsdal.

– Så politiet let vere å etterlyse bilar eller personar, viss dei ikkje sit på nok informasjon sjølve?

– Det kjem sjølvsagt an på. Men det har også med kva andre opplysningar vi sit på i saka. Det vert alltid ei konkret vurdering i sak til sak, seier Trønsdal.

Ho peikar på at føremålet til ei etterforsking er å avdekkje straffbare tilhøve.

– Dette vart i utgangspunktet etterforska som ei trafikkulykke. I saker der det har vore dødsfall, går ein gjerne utover dette og legg meir ressursar i etterforskinga, av omsyn til dei etterlatne og deira trong for svar på kva som har skjedd, seier Trønsdal.

Det vart innhenta både trafikkdata, rapport frå ulykkesgruppa til Vegvesenet, i tillegg til at det vart utført vitneavhøyr og obduksjon.

– Ut frå dei opplysningane som vi sat att med, fann vi at det ikkje førte oss nærare den konkrete årsaka til uhellet, seier Trønsdal.

Meiner bilen burde vore etterlyst

Siren Preto er bistandsadvokat for familien Øvrebotten, og ho likar dårleg at den omtala bilen aldri vart etterlyst.

– Det er veldig negativt for saka. Ein visste tidleg om at eit vitne hadde sett denne bilen. Då ville det vore lett å etterlyse bilen kort tid etter. No har det gått så lang tid at det vil vere tilnærma umogleg å finne ut kva bil det var snakk om, seier Preto.

Ho var også i kontakt med politiet i etterkant der ho i brevs form peika på at dette ikkje var gjort. Ho tykkjer det er rart at for vage opplysningar er ei årsak til å ikkje etterlyse ein bil.

– Ein hadde ganske konkrete opplysningar om bilen. Hadde ein teke det med ein gong, hadde det heilt klart vore mogleg. Dersom bilen hadde så unaturleg køyring at dette vitnet la merke til det, så kan det godt hende det var fleire som hadde sett noko også, seier Preto.

Ho har lang erfaring som bistandsadvokat, og er klar på at det for pårørande betyr svært mykje å få svar etter ulykker.

– Det er veldig viktig. Av omsyn til pårørande bør ein prøve å snu dei steinane som ein kan snu. Her hadde det ikkje vore vanskeleg å sende ut ei etterlysing, seier Preto.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå