Hopp til innhold

Politiet kunne ha kome mykje raskare fram til tunnelulukka

Politiet brukte 53 minuttar på å koma seg til eksplosjonsulukka i Skatestraumtunnelen onsdag. Med båt frå Måløy kunne utrykkingstida vore ein halvtime.

Morten Hagen og Skatestraumtunnelulukka

DRAMATISK ULUKKE: Hadde politiet brukt redningsskøyta eller ein rib-båt frå Måløy, kunne dei ha vore mykje raskare på plass, på begge sider av Skatestraumtunnelen, seier ordførar Morten Hagen (H) i Vågsøy kommune.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det er mogleg for politiet å koma seg frå Måløy til Skatestraumtunnelen på ein halvtime med båt, medrekna litt organisering i forkant, seier ordførar Morten Hagen (H) i Vågsøy kommune, der Måløy er kommunesenteret.

Før helga kom det fram at politiet braut kravet om 45 minuttars utrykkingstid under ulukka i Skatestraumtunnelen onsdag føremiddag.

Utrykkingstid: 53 og 60 minuttar

53 minuttar etter at politiet blei varsla, var den fyrste patruljen på plass på nordsida av den undersjøiske tunnelen i Bremanger kommune, der ei tankvogn med bensin hadde eksplodert og stod i full fyr. Til alt hell gjekk ikkje menneskeliv tapt.

60 minuttar etter at politiet fekk beskjed om ulukka, var politifolk på plass på den andre sida av tunnelen. Dei kom med bil og ferje frå Måløy i nord.

Politiet vurderte ikkje båt

Stig Inge Hauge

VURDERTE IKKJE BÅT: – Brannvesenet kom relativt raskt fram til ulukka og skal ifølgje regelverket leia innsatsen til politiet er på plass, seier Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Foto: Eirik Hildal

Stabssjef for redningsaksjonen under Skatestraumtunnelulukka, Stig Inge Hauge i Sogn og Fjordane politidistrikt, seier til NRK at politiet var klar over at utrykkingstida ville ha blitt kortare med båt frå Måløy, men at dette alternativet ikkje blei vurdert.

Grunnen var at brannvesenet kom relativt raskt fram til ulukka, og regelverket seier at brannvesenet skal vera innsatsleiar til politiet kjem fram.

I tillegg var politimannen Espen Gulliksen på plass på ulukkesstaden etter 20 minuttar. Gulliksen hadde fri, men melde seg frivillig og styrte redningsaksjonen på nordsida av tunnelen i den innleiande fasen.

Brannmenn på veg inn i Skatestraumtunnelen

RØYKDYKKARAR INN I GIFTIG RØYK: Brannfolka kom før fram til ulukka i Skatestraumtunnelen enn politiet.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Redningsskøyte og rib-båt

Vågsøy-ordførar Hagen har sjølv arbeidd i politiet i 16 år og er ikkje overraska over at politiet brukte så lang tid, fordi kommunikasjonane i ulukkesområdet er krevjande med store avstandar.

Men samstundes meiner Hagen at politiet kunne ha kome raskare fram:

– Politiet i Vågsøy har ståande avtale med Redningsselskapet om å bruka RS «Simrad Buholmen». Dersom dei hadde brukt den redningsskøyta kunne dei ha vore mykje raskare på plass, på begge sider av tunnelen. Det er òg rib-selskap i Måløy som har god kapasitet og kunne ha transportert.