Hopp til innhold

Politiet inn i Bremangersaka

Politiet ser på om den tidlegare rådmannen i Bremanger er skuldig i dokumentfalsk og vurderer no å starte full etterforsking.

Tor Kristian Gulhaugen

Tidlegare rådmann i Bremanger, Tor Kristian Gulhaugen kan ha gjort seg skuldig i dokumentfalsk meiner politiet som no undersøker saka.

Foto: NRK

Det er i samband med endringa av finansreglementet til Bremanger kommune at den tidlegare rådmannen i kommunen kan ha gjort seg skuldig i dokumentfalsk.

- Dei opplysningane som har kome fram i media kan indikere at det her er gjort ulovlege handlingar, seier politiadvokat Jørn Lasse Refsnes.

Vurderer full etterforsking

Politiet undersøker no saka og vil om kort tid avgjere om det skal startast full etterforsking.

Fylkesmannen sin kontroll av økonomistyringa i Bremanger synte at kommunen sitt finansreglement vart endra av tidlegare rådmann Tor Kristian Gulhaugen, utan godkjenning frå politikarane.

Då kommunen skulle inngå avtalane i 2006, sende den dåverande rådmannen kommunen sitt finansreglement til Terra i ein e-post.

I e-posten var ikkje opsjonar inkludert som moglege produkt kunne handle med. 14 minutt seinare gjekk ein ny e-post med eit nytt finansreglement som opna for kjøp av opsjonar.

Endringane gjorde det mogleg for kommunen å kjøpe såkalla derivat. Slike avtalar påfører no kommunen tap på fleire millionar kroner.

- Dette kan vere ulovleg

Politiadvokat Jørn Lasse Refsnes seier finansreglementet ikkje kan endrast på denne måten.

- Viss det er slik at det reglementet er oversendt til utanforståande, og ein har då gitt inntrykk av at dette er det reglementet som kommunen har vedtatt, så er det jo spørsmål om det kan dreie seg om ei dokumentfalsking, seier Refsnes til NRK.no.

- Ut i frå ei allmenn meining så skal ein ikkje gjere endringar på kommunen sitt finansreglement utan å ha fullmakt til det, seier Refsnes vidare.

- Men den tidlegare rådmannen har ikkje gjort dette for å tene pengar sjølv. Er det formildande?

- Viss det er slik at det her er gjort dokumentfalsk, så er det ikkje noko vilkår for straffbarheita at ein ikkje har hatt eigeninteresser, seier Refnes.

Vil ikkje kommentere saka

NRK har gjentekne gonger prøvd å få Gulhaugen til å kommentere saka, utan å ha lukkast.

Terje Førde

Kommunerevisor Terje Førde.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Kommunerevisor Terje Førde har på si side aldri opplevd at eit kommunalt finansreglement blir endra, slik det vart gjort i Bremanger.

Kontrollutvalet i Bremanger får no saka i fanget.

- Det er alvorleg at administrasjonen endrar på ting som er vedteke politisk, seier Førde.