Hopp til innhold

Politiet er kopla inn i aure-rømminga

Laurdag henta politiet og Fiskeridirektoratet opp nota for å finne årsaka til at 123.000 regnbogeaure rømde frå oppdrettsanlegget Firda Sjøfarmer i Gulen.

Firda sjøfarmer sitt anlegg ved Leiholmane i Gulen

FISKA OPP NOTA: Politiet har henta opp nota som regnbogeaurane stakk ifrå.

Foto: Arne Stubhaug/NRK

– Vi tykkjer det er heilt greitt at politiet no er kopla inn, og at det kan hjelpe oss med å finne årsaka, seier dagleg leiar i Firda Sjøfarmer til TV2, Carl Erik Arnesen.

Det var 10. mars at rømminga først vart oppdaga. Då trudde ein at det dreidde seg om 10.000 fisk som hadde stukke av frå oppdrettsanlegget som ligg mellom Hille og Hiserøyna i Gulen.

Frakta nota til land

Men nærare undersøkingar synte at det var langt fleire fisk som var på rømmen. Etter ei nøyare teljing har ein konkludert med at iallfall 123.000 regnbogeaure på 250 til 300 gram har stukke av.

Ifølgje TV2 brukte krimteknikarar frå politiet og ekspertise frå Fiskeridirektoratet lang tid på å undersøke merden. Så vart sjølve nota heist om bord i ein kranbåt og frakta til land.

Har tapt tosifra millionbeløp

Ein håpar at undersøkingar på ein verkstad vil kunne slå fast kvifor det oppstod ei så stor flengje i notposen.

– Det er uforklarleg for oss også. Vi har ein nullvisjon for rømming. Når det no skjer, tykkjer vi det er beklageleg. Produksjonstapet vårt er på eit tosifra millionbeløp, seier Arnesen.

Ingen frå politiet ønskjer å kommentere etterforskinga, men dei reknar med å ha ein konklusjon klar før sommarferien.