Bakgrunnen er at eit vitne meiner å ha sett den etterlyste hettemannen i eit fjernsynsinnslag, seier politibetjent Gunnar Englund.
Men i gjennomgangen av fjernsynsbileta frå NRK i går kom politiet ikkje noko nærare den såkalla hettemannen, og Englund seier dei no vil vurdere å be andre fjernsynsstasjonar om hjelp.
Fleire tips om hettekledd person
Det er no gått nesten tre månader sidan sjukepleiestudenten Anne Slåtten vart funnen drepen i Førde. Gjennom vitneavhøyra har politiet fått fleire tips om observasjonar av ein hettekledd person. Politiet har også gått ut med etterlysing utan at nokon har meldt seg, men vil likevel ikkje seie at den hettekledde personen etter kvart blir meir interessant som mistenkt enn vitne.