Hopp til innhold

Politiet har teke hovudmann som har selt narkotika til 47 personar i heile fylket

Politiet mistenker ein mann i 20-åra for å ha selt hasj og marihuana til 47 personar spreidde over heile Sogn og Fjordane.

Lensmann Jan Egil Tvinde

- OMFATTANDE SAK: Lensmann Jan Egil Tvinde fortel at politiet har avdekt sal av narkotika til 47 personar.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Lensmann Jan Egil Tvinde i Førde og Naustdal stadfestar at politiet no har rulla opp ei større narkotikasak med forgreiningar både til Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Kundane er i alderen 16 til 45 år.

– Det er ei omfattande sak der det handlar om sal over heile fylket - for det meste brukardosar.

Tvinde meiner saka er alvorleg fordi mange av kundane er førstegongsbrukarar.

– Det mest alvorlege er at hovudmannen har selt til så mange som prøver narkotika for første gong. Det er alvorleg for desse som dristar seg til å prøve det. Vi veit at det er vegen til sterkare stoff.

– Har ikkje samarbeidd

Lensmannen seier at hovudmannen ikkje har vist særleg vilje til å hjelpe politiet med å etterforske saka.

– Han har ikkje ynskt å samarbeide med politiet, dermed har vi måtta bruke store ressursar med å få oversyn over kor stor aktiviteten hans har vore.

Den mistenkte er ikkje varetektsfengsla, og Tvinde håpar å få saka opp for retten snarast råd. Politiet har arbeidd med saka sidan i sommar, men måtte legge den bort i ein periode på grunn av andre store saker.