Hopp til innhold

Ny mann sikta etter drapet i Florø

FLORØ (NRK): Ein ny mann vart onsdag kveld pågripen og sikta for drap eller medverknad til drapet på ein 40-åring i Florø.

Krimteknikarar frå Bergen på plass i Florø
Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Det opplyste politiadvokat Inger-Lise Høyland under ein pressebrief torsdag ettermiddag.

– Mannen er i 40-åra frå Florø. Han var i utgangspunktet i vitneavhøyr, og det er opplysningar frå avhøyret og opplysningar politiet har som gjer at vi meiner at han truleg har delteke, eller medverka, i handlinga, seier Høyland.

Politiet vil fredag framstille mannen for varetektsfengsling.

Drap Florø - krimteknikarar gjer undersøkingar på ny adresse

UNDERSØKING: Dei same krimteknikarane som undersøkte åstaden der ein mann vart drepen tysdag er i dag på ein annan adresse i Florø.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det blir arbeidd vidare med å kartlegge den sikta sine rørsler tysdag 2. april. Politiet gjer også undersøkingar opp mot kommunikasjon, både mellom dei involverte og med andre, seier Høyland.

Politiet prøver å danne seg eit bilete av dei involverte sine nettverk, rørsler og kven som kan ha informasjon i saka.

Etter det NRK kjenner til er den pågripne dømd ei rekkje gonger, mellom anna for tjuveri og narkotikalovbrot.

Mannen sin forsvarar, Ivar Blikra, stadfestar at han er oppnemnd som forsvarer for mannen i 40-åra. Han vil ikkje kommentere om han har vore i samtale med han.

Undersøkte bustad

Tidlegare torsdag gjekk krimteknikarar frå Bergen gjennom søppelkassane ved ei bustadadresse i Florø. Det melde Firdaposten.

Sperra av søppeldunkar i Florø

SPERRA: Politiet har sperra av søppelkasser ved ein bustad.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Området var sperra av og etter det NRK kjenner til vart det gjort full teknisk undersøking av bustaden.

– Vi har hatt kriminalteknikarar i bustaden til den nye sikta for å sjå om ein kan finne spor som er bevis i saka, seier Høyland.

Naboane vart bedne om å halde seg vekke då kriminalteknikarane heldt på.

– Vi fekk streng beskjed om å ikkje røre søppeldunkane. Dei sa ikkje kvifor, men vi forstod at det var viktig, seier ein av naboane til NRK.

Fengsla i fire veker

Den 22-år gamle mannen som tysdag vart sikta i saka, vart torsdag fengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. Dei første to vekene er i full isolasjon.

Politiet fryktar at mannen kan øydeleggje bevis. Mannen samtykka til fengslinga.

Mannen sin forsvarar, Stig Nybø, sa onsdag til NRK at mannen erkjende å ha slått den avdøde. Den sikta hevdar også at han vart provosert. Han nektar straffskuld etter siktinga.

Høyland meiner det er uheldig at detaljar frå forklaringane kjem ut i media.

– Når det gjeld kva den sikta har forklart i avhøyr, så registrerer eg kva media skriv, men politiet ynskjer ikkje å kommentere kva han har forklara eller korleis han stiller seg til siktinga, seier Høyland.