Hopp til innhold

Politiet har sleppt fri den valdtektssikta

Politiet ser ikkje grunn til å forlenge fengslinga av mannen som er sikta for valdtekt i Førde. Han er no lauslaten frå fengsel.

Etterforsking av mogleg valdtekt i Førde.

MOGLEG VALDTEKT: Politiet held fram etterforskinga av ei mogleg valdtekt av ei tenåringsjente i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den sikta hadde torsdag vore fengsla i ei veke fordi politiet meinte det var fare for at bevis kunne bli påverka eller øydelagd. For halvanna veke sidan vart det politimeld ei valdtekt av ei tenåringsjente ved Øyrane i Førde.

– No er den veka gått, og no vurderer vi at denne faren ikkje lenger er aktuell, og det er heller ikkje andre vilkår innfridd for å kunne halde på sikta lenger, så han er blitt lauslaten mot meldeplikt, seier politijurist Jørn Lasse Refsnes til NRK.

Erkjenner ikkje straffeskuld

Meldeplikt vil seie at den sikta må kontakte politiet ut frå bestemte avtalar. Politiet har ikkje planar om å gjere fleire undersøkingar på åstaden.

– Vi meiner at vi har henta inn det som var mogleg for utanforståande å påverke, og vi ser oss ferdig med åstadsundersøkingane.

Politiet har gjort avhøyr med den sikta mannen både onsdag og torsdag.

– Han erkjenner ikkje at det skal ha funne stad nokon valdtekt. Utover det så registrerer vi at vi har to partar i denne saka som har ulike forklaringar om kva som har skjedd. Då blir det politiet si oppgåve å søke å finne ut kva som faktisk har skjedd, seier Refsnes som ikkje vil kommentere avhøyra ytterlegare.

Skal analysere funn frå åstaden

Onsdag var det kjend at politiet hadde gjort funn rundt åstaden tysdag, men politiet har så langt ikkje ville seie kva slags gjenstandar det er snakk om. Tidlegare har dei etterlyst glasbrot i samband med etterforskinga, men det er usikkert om dette har samanheng med funnet. Heller ikkje Refsnes vil kommentere funna, men seier at dei vil vere ein del av etterforskinga vidare.

– Det blir framleis jobba med å sikre og analysere spor og gjenstandar som vi allereie har i beslag, og så blir det gjort fleire vitneavhøyr og på eit tidspunkt blir det gjort nye avhøyr av dei involverte.

Det skal ifølgje politiet ikkje ha vore direkte vitne til hendinga.

– Finnast det sterke bevis for at den sikta faktisk har gjort det han er sikta for?

– Det kan eg ikkje gå innpå enno. Det er for tidleg å seie noko om.

Vil samarbeide med politiet

Forsvarar Ilham Hassan seier klienten hennar held fast ved at han ikkje har gjort noko gale.

– Erkjenner han å ha vore på staden med fornærma?

– Eg kan ikkje kommentere kva som har kome fram i avhøyra.

Ifølgje Hassan er den sikta veldig letta over å ha blitt lauslaten, og han har tenkt å overhalde meldeplikta.

– Klienten min vil samarbeide med politiet for å avklare dette, seier ho.