Hopp til innhold

Politiet har danna seg eit bilete av kva som skjedde

Politiet har gjennomført avhøyr etter ulykka på Hella ferjekai og har no danna seg eit bilete av kva som kan ha skjedd.

Kaien
Foto: Christian Blom / NRK

– Det som er gjort av etterforsking sidan ulykka fredag er at vi har hatt avhøyr av mannskap på ferja og to av dei impliserte i bilen og folk som har vore i kaiområdet, fortel politibetjent Stein Helge Selland.

Fredag ettermiddag køyrde ein bil på fjorden ved ferjekaia på Hella. Tre personar var i bilen. To av dei kom seg fort ut på eiga hand, medan 18 år gamle Janne Holen måtte reddast frå vatnet. Tilstanden hennar var lenge kritisk, men ho er ho på betringas veg.

– No står vi att med nærare gjennomgang av bilen i lag med biltilsynet seinare i dag, seier Selland.

Årsaka til at bilen hamna på fjorden vil politiet førebels ikkje kommentere.

– Vi har no danna oss eit bilete om kva som skjedde, slik at vi har litt meir klårleik i det, seier han.

Når bilen vart henta opp frå fjorden låg den på rundt fem meters djupne. Dei to gutane som var i bilen kom seg ut umiddelbart etter at dei hamna i vatnet, Janne Holen var rundt 10 minuttar i vatnet før ho vart henta opp.

– Det vi veit er at det var om lag null grader og det var mykje våt snø på kaiområdet, noko det elles var i heile Sogn.

Føraren av bilen var ikkje fråteken førarkortet etter hendinga.

– Grunnen er at vi vil samle inn opplysningar om kva som har skjedd og så er det juristen som skal ta ei vurdering på akkurat det, seier Selland.