Hopp til innhold

Politiet har fått tips frå synske personar i Veronica-saka

Fleire personar, som hevdar dei er synske, har kontakta politiet med tips i saka om den sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet (22). Men førebels har ikkje tipsa ført fram.

Veronica Stegegjerdet og huset

UTAN RESULTAT: Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) vart sist sett i området ved heimen sin i Årsøy på dagtid laurdag 25. oktober.

Foto: privat / Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi har fått konkrete tips. Det skjer i alle slike saker. Vi får tips frå synske personar som meiner noko rundt det, seier fungerande regionlensmann i Sogn, Asle Karoliussen.

Han understrekar at politiet tek slike tips på alvor, når dei dukkar opp.

– Vi prøver etter beste evne å sjekke tipsa ut, ved å sjekke område som vi meiner kan vere det dei meiner. Det kjem vi framleis til å gjere, seier Karoliussen.

Han understrekar at det ofte er vanskeleg å vite nøyaktig kor ein skal sjekke.

– Det er ikkje alltid det går fram like tydeleg av tipsa kor det er. Førebels står vi framleis utan svar på kor den sakna jenta er, seier Karoliussen.

  • SJÅ HENDINGSGANGEN I SAKA

    Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
    Se «Veronica-saken» i nytt vindu


Har fått sjekka 70 prosent av fjorden

22 år gamle Veronica Heggheim Stegegjerdet har vore sakna frå heimen sin i Årøy sidan laurdag 25. oktober. Sidan då har ein gjennomført omfattande søk, både med hjelp frå frivillige og Røde Kors, men også av politi, alpingruppe, helikopter, sonar og miniubåt, utan at det er gjort funn av kvinna.

– Vi har gjennomsøkt det terrenget som vi har definert som aktuelt å søkje i. Vi har søkt i nærområdet til bustaden, turområdet som ho brukte å gå i, Årøyelva frå Hafslovatnet og til Barsnesfjorden, samt indre del av Barsnesfjorden, seier Karoliussen.

Ein har fått gjennomsøkt om lag 70 prosent av Barsnesfjorden, fjordarmen mellom Årøy og Loftesnesbrua i Sogndal sentrum. Men politiet håpar dei i løpet av få dagar skal få gått gjennom resten av Barsnesfjorden også. Men først må det løyvast pengar.

– Vi må gjere oss ferdige med den delen av Barsnesfjorden, samt vidare søk i den ytre delen av fjorden. Vi har sendt ein førespurnad til Rogaland politidistrikt om finansiering av det prosjektet, og det håpar vi å få svar på i dag, seier Karoliussen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hundeekvipasje på søk i Årøy

SJEKKAR: Også tysdag var ein politihund med på søk i området kring Årøy.

Foto: Rune Fossum / NRK

Må få søkt i resten av Barsnesfjorden

Viss det kjem klarsignal frå Rogaland tysdag, håpar Karoliussen at søket i Barsnesfjorden kan setjast i verk allereie onsdag.

– Dette er ei svært viktig sak for oss, og vi må få dette området avklart. Vi kan ikkje stå att med eit såpass sentralt søkjeområde som vi ikkje får gått gjennom. Vi kan finne svaret i det området dersom vi finn den sakna, og det må vi få klarert ut, seier Karoliussen.

Når ein får søkt ut siste delen av Barsnesfjorden, meiner Karoliussen ein med rimeleg stort sannsyn kan seie om den sakna kvinna er i fjorden eller ikkje.

Søk med miniutbåt

MINIUBÅT: Ein har brukt sonar og miniubåt for å søkje gjennom den indre delen av Barsnesfjorden.

Foto: Christian Blom

– Vi har fått opplyst at når det gjeld det indre fjordbassenget så skal vi få ein dekningsgrad på mellom 90 og 95 prosent. Det er det som er mogleg å oppnå, seier Karoliussen.

Han legg til at når dette er gjort, må ein vidare vurdere kva andre tiltak ein kan setje i verk når det gjeld fjordbassenget.

– Ein må også vurdere om vi skal gå lenger ut i fjorden enn Loftesnesbrua, seier Karoliussen.

Har gjort det dei kan i terrenget

Det er tidlegare gjort overflatesøk og strandsøk i Sognefjorden frå Sogndal og ut mot Hella.

– Dette vart gjort rett etter at kvinna vart meld sakna. Men det er ikkje gjort i seinare tid, seier Karoliussen.

Fungerande regionlensmann i Sogn, Asle Karoliussen

KREVJANDE: Fungerande regionlensmann i Sogn, Asle Karoliussen, legg ikkje skjul på at etterforskinga er krevjande i saka.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Er det nokon spesiell årsak til at de vel å gå så grundig til verks i Barsnesfjorden?

– Det er eit område der ho potensielt sett kan vere, på lik line med terrenget rundt. Vi har gjort det vi kan i terrenget med dei moglegheitene som vi har. Men vi er ikkje ferdige med Barsnesfjorden, og det vil vere heilt naturleg å gjere seg ferdig med nærområdet, seier Karoliussen.

Veronica Heggheim Stegegjerdet vart sist sett laurdag 25. oktober. Sidan tysdag 28. oktober har store leitemannskap søkt etter den sakna kvinna i området kring heimen hennar i Årøy i Sogndal kommune.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nær 150 frivilleg deltek laurdag i søket etter den sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet ved Årøy i Sogndal.

NØYE: Store leitemannskap har gjennomsøkt terrenget i Årøy, i håp om å finne spor etter den sakna kvinna.

Hund søkte i området måndag

Då politiet undersøkte bustaden til kvinna, fann dei hunden, katten, bankkortet og mobiltelefonen hennar.

– Ho var ved bustaden på laurdag 25. oktober. Så er det kontakt på bustaden måndag, der kvinna ikkje var til stades. Det kom folk til bustaden måndag kveld, heller ikkje då var kvinna der. Ho vart formelt meld sakna tysdag 28. oktober då ho ikkje dukka opp på eit møte, seier Karoliussen.

Måndag vart ein hund sett inn i søket i håp om å finne kriminaltekniske spor. Karoliussen vil ikkje seie noko om hunden markerte for funn.

– Eg vil ikkje gå i detaljar på kva som har komme fram, seier Karoliussen.

Er ei svært krevjande sak

Ein etterforskar frå Kripos er i gang med å gå gjennom data- og mobilspor frå den sakna kvinna si datamaskin og telefon.

– Jobben tok til måndag, og ein reknar med at det kan gå både ein til to dagar før vi kan trekkje noko ut av det. Men all informasjon er viktig for oss, seier Karoliussen.

Men trass i at over 50 personar er avhøyrde i saka, og at publikum har meldt frå om fleire tips, er ikkje politiet nærare ei oppklaring i forsvinningssaka som no har vart i over to veker.

– Vi har ikkje gjort funn som kan hjelpe oss til å vite kva som har skjedd. Vi jobbar med å analysere den informasjonen som vi sit på, og vi leitar heile tida etter ny informasjon som kan gje svar på spørsmål som vi har, seier Karoliussen.

Lensmannen legg ikkje skjul på at saka er utfordrande på mange vis.

– Det er fleire tilhøve som gjer til at dette er ei krevjande sak. Vi har eit langt tidsrom der den sakna kvinna er vekk, og vi har faktorar knytt til vêrmessige utfordringar, seier Karoliussen.