NRK Meny
Normal

Politiet har ei formeining om kvar brannen starta

Politiet trur no dei veit kvar brannen kan ha starta i Stedjetunet i Sogndal.

Natt til måndag vart det historiske huset totalskadd i brann. Torsdag gjekk brannetterforskarane gjennom huset for å prøve å finne årsaka til brannen.

– Vi har ei formeining om kvar brannen har starta, men ynskjer ikkje på dette tidspunktet av etterforskinga å seie noko meir om kvar, eller kva som kan vere årsak til brannen, seier brannetterforskar Jan Bjarte Skrøppa.

Går gjennom bilete

Politiet har så vidt starta det møysomelege arbeidet med å finne årsaka til brannen. Blant anna støttar dei seg til informasjon frå dei som kom tidleg til brannen, i tillegg til å undersøke bilete og videoar for avdekka kvar det brann og ikkje i bygget i ein tidleg fase av brannen.

Politioverbetjent og kriminalteknikar Jan Bjarte Skrøppa

BRANNETTERFORSKING: Politioverbetjent og kriminalteknikkar Jan Bjarte Skrøppa.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Ut ifrå det og det vi ser på åstaden må vi då prøve å lese brannskadebiletet og tolke det som vi finn på åstaden og på den måten finne fram til ein arnestad for brannen, seier Skrøppa.

Sendt spor til analyse

Stedjetunet vart bygt tidleg på 1900-talet og husa før brannen ein barnehage og fleire kontor. Sjølv om bygget har fått store skadar innvendig både frå brannen men og frå vatn frå sløkkinga er Skrøppa optimistisk med omsyn til å finne årsaka til brannen.

– No er vi så heldige at vi kan gå inne i bygningsmassen å leite etter brannårsak, i motsetning når vi har heilt nedbrent og flat branntomt å forhalde oss til, seier Skrøppa.

I samband med granskinga torsdag har dei også sikra seg ein del spor som dei har sendt til vidare undersøkingar.

– Det vert undersøkt hjå Etrygg i Florø, i tillegg så kjem vi også til å gjere ein del fleire avhøyr i saka.