Hopp til innhold

Politiet har aksjonert mot narkomiljø

FØRDE (NRK): Ti personar er arresterte og éin er varetektsfengsla etter at politiet gjorde ein aksjon mot eit narkotikamiljø i Førde.

Dag Fiske syner fram bilete av beslaglagd ecstacy

KVERRSETT: Lensmann i Førde og Naustdal syner bilete av nokre kverrsette ecstasypiller.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Fleire narkotiske stoff, mellom anna ecstasy, amfetamin og hasj blei beslaglagt under aksjonen. Ein større pengesum som politiet meiner stammar frå narkotikahandel blei også beslaglagt.

Hasj

HASJ: 20 gram hasj blei også beslaglagt under aksjonen.

Foto: Politiet

Politiet fekk tips om at ecstasy blei nytta i eit miljø i Førde, og aksjonerte på ei adresse i slutten av oktober.

– Seks eller sju personar blei arresterte der og då, og etterforsking førte til fleire pågripingar, seier Dag Fiske som er lensmann i Førde og Naustdal.

Politiet tok med seg mellom 70 og 80 tablettar med ecstasy og 20 gram hasj.

Prøvar påviste amfetamin hjå dei fleste på festen, men dei arresterte hadde brukt opp stoffet, og politiet fann ikkje noko å beslaglegge.

Velkjend av politiet

Éin har blitt varetektsfengsla i saka. Det er ein lokal mann og var godt kjend av politiet.

Fiske meiner mannen har hatt ei rolle i å bringe narkotikaen til Sunnfjord, mest sannsynleg frå Austlandet.

– Det er ei veke att av varetektsfengslinga, men me vurderar å be om lengre fengsling på grunn av at vi framleis hentar inn bevis i saka, seier Fiske.

Elles lite brukt stoff

Ecstasy er eit narkotikum som var vanleg i festmiljøa på 90-talet og fram til byrjinga av 2000-talet.

– Stoffet var mykje i omløp tidlegare, men forsvann for nokre år sidan frå distriktet. Men det siste halvåret har det dukka opp att, seier Fiske.

Ruskoordinator Harald Munkvold

LITE UTBREITT: Harald Munkvold meiner ecstasy er svært lite brukt av ungdom i fylket.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Berre éin til tre prosent av ungdom i Noreg har prøvd ecstasy, og endå færre enn dei har fått problem av bruken, seier Harald Munkvold som er ruskoordinator i Helse Førde.

Munkvold har lenge jobba med rusmisbrukarar, og meiner ecstasybruken er svært låg, spesielt hjå ungdom.

– Stoffet blei brukt i partymiljøet rundt tusenårsskiftet, men blir i dag brukt svært lite.

Det er svært stor forskjell på bruk og misbruk

Harald Munkvold

– Når eg skulle fortelje om ecstasy måtte eg snakke med kollegaer og leite lenge etter saker og verknadar, fordi det er veldig lite brukt her i fylket, seier Munkvold.

Stogga innfarten av stoffet

– Me trur at det var eitt enkelt ledd som har innført narkotikaen, og me håpar at me no har stogga dette, seier Dag Fiske.

Han fortel at politiet har hatt fleire bekymringssamtalar med foreldre til ungdom dei ser vankar i miljø som det dei aksjonerte mot i oktober.

– Me er redde for at yngre ungdom skal lokkast inn i miljøet, seier Fiske.

I pillene dei beslagla fann dei forskjellige verkestoff, så det er ikkje lett å vite kva ungdommane fekk i seg.

– Ecstasy kan få ganske alvorlege biverknadar, mellom anna psykose og liknande, seier Fiske.

Politiet held fram med etterforskinga, og veit enno ikkje kva tid saka vert løyst.

Dag Fiske syner fram bilete av dei kverrsette stoffa.

STOGGA: Fiske trur dei no slepp å beslaglegge meir ecstasy, om den varetektsfengsla var kontakten som skaffa stoffet.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK