Hopp til innhold

Politiet hadde klargjort rom til å undersøke elevar i omstridd narkoaksjon

Utan at elevane visste det, hadde politiet og skulen gjort klart eit rom dersom nokon blei arrestert under den omstridde narkoaksjonen på Flora vidaregåande.

Narkohunden Odin

KONTROVERSIELT: Torsdag 1. november fekk Flora vidaregåande skule besøk av politiet. Informasjonsdagen enda med at to elevar vart arrestert.

Foto: Marita Aarekol / Bergens Tidende

Det har vekt stor merksemd at politiet brukte narkotikahund og arresterte to elevar, under det som skulle vere eit informasjonsmøte på den vidaregåande skulen i Florø 1. november i år.

No syner det seg at eit av romma på skulen var sett av på førehand dersom politifolka og hundane gjorde funn.

– Politiet sa at målet med søket i fellesområdet, var å avdekke oppbevaring. Dei bestilte også rom til samtale, og informerte om at det ville vere med fleire i sivil, dersom hunden likevel skulle markere på person, stadfestar no rektor Knut Clausen til NRK.

Vurderer framleis å melde

Elevorganisasjonen vurderer framleis å melde politiet og fleire juristar meiner det var ein ulovleg aksjon under dekke av eit informasjonsmøte.

Fungerande politisjef i Sogn og Fjordane på den tida, Tormod Hvattum, meiner derimot framleis at det var heilt rett av politiet å aksjonere både med hundar og sivilkledd politi.

– Når politiet kjem over straffbare forhold, må me aksjonera, seier han om den kontroversielle narkoaksjonen.

Politiet meiner også at det som skjedde ikkje kan kallast verken ein aksjon eller ein razzia

– Då ville det vore politiet som på eige initiativ gjekk inn ein plass for å avdekke kriminelle forhold.

Han fortel at det var ein nøya planlagt dag, og at skulen var klar over alle detaljar på førehand.

Rektor visste

Rektor Knut Clausen seier at det var politiet som tok kontakt med han, etter eit stort beslag av MDMA, i oktober.

– Det var noko som opprørte mange, og eg trur politiet oppfatta det som eit ynskje frå både skule og lokalmiljøet at dei skulle kome, fortel rektoren.

Han seier at dei har ein fast avtale med politiet om samarbeid, og fekk vite alt på førehand.

– Eg opplyste også elevane om at det ville kome ein informasjonsdag og om at politiet kunne ha med hundar som kunne søke i skulen sine offentlege fellesområde, seier han og fortel at han ikkje fekk nokre reaksjonar på det då.

Skjermdump frå Flora vidaregåande skule sine heimesider

LA UT MELDING: Her er meldinga Flora vidaregåande skule la ut på heimesida si.

Foto: Skjermdump

Russepresident Solveig Knapstad stadfestar at elevane fekk informasjon, men ikkje visste når det ville skje. Ho seier også at ho møtte politiet 23. oktober, og bad om eit informasjonsmøte før russefeiringa starta for fullt.

– Me ynskte å vise at me vil ha eit ope samarbeid med politiet, for å få ei best mogleg russetid for alle, seier ho.

Vurderer å endre praksis

Arne Johannessen, politisjef i Sogn og Fjordane, står fast ved at politiet har følgt retningslinjene.

Samstundes ser han at det er vanskeleg når hundane markerer der dei markerer, uavhengig av om det er fellesareal eller ikkje.

– Kanskje kan me ikkje ha hund på den type opplæring, eller at me må bruka hund på ein annan måte. Det må me vurdera, og den drøftinga tek me.