NRK Meny
Normal

Politiet hadde ikkje dekning – måtte låne telefon på bygda

Då politiet kom fram til det store steinraset på Høyanger sørside søndag, hadde ikkje patruljen mobildekning. Trass i at området har Telenor-dekning.

Ras i Høyanger

STORT RAS: Det vil ta kring to veker å rydde fylkesveg 92 på Høyanger sørside der det gjekk eit stort steinras søndag morgon.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Søndag morgon dundra store steinblokker ned på fylkesveg 92 på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune. Fjellblokkene vart knuste på veg ned mot fjorden og støvla eit stort område.

Geir Helge Østerbø, som bur i området, reiste ut for å sjå på raset. Medan han var der, blei han oppringt av svigerinna si.

– Ho hadde fått politiet på besøk og lurte på om eg kunne snakke med dei om å filme med drone. Men vi måtte snakke på hennar telefon, for innsatsleiaren hadde ikkje mobildekning, seier Østerbø som er kommunestyrerepresentant for Senterpartiet i Høyanger.

Blei sjokkert

Geir Helge Østerbø

OVERRASKA: Geir Helge Østerbø meiner politiet må sikre seg dekning overalt.

Foto: Privat

Østerbø tykkjer det er dårleg at politiet ikkje har dekning på mobilen i distrikta.

– Eg blei nesten litt sjokkert. Eg fekk vite at politiet ofte måtte skrive avviksmelding fordi dei ikkje har mobildekning når dei er på oppdrag. No var ikkje dette personskade eller noko som hasta, men om det hastar, så bør politiet ha mobilabonnement som verkar i distrikta.

Han meiner at nokon må ta tak i dette, slik at politipatruljar i distrikta får kontakt med omverda med mobilen sin.

– Vi som bur her må tenkje på det. Det er mange som vil selje oss abonnement, men vi har berre Telenor-dekning og knapt nok det enkelte stader.

Stadfestar utfordringa

Politiinspektør Arne Johannessen, som også er leiar for geografisk driftseining i Sogn og Fjordane, er samd i at det ikkje er godt nok at politiet måtte låne telefon.

Han stadfestar at dei har hatt store utfordringar i heile politi-Noreg.

– Dette heng saman med ein ny leverandør, eller fusjon mellom ulike selskap. Det er ei sak som blir handtert nasjonalt.

Assisterande direktør i Politiets IKT-tenester, Tormod Stien, seier at varierande mobildekning ikkje er knytt til ny leverandør.

– Den type problemstillingar har vi hatt over tid, også med tidlegare leverandørar.

Stien fortel at dei kan tilby polititenestefolk eit abonnement som heiter «prioritert tale». Dette gir dei tilgang til det andre mobilnettet når primærnettet ikkje er tilgjengeleg. Eitt tiltak for å bøte på utfordringa Østerbø peiker på, er at fleire får dette abonnementet. Han understrekar at sjølv om mobiltelefoni er viktig, så er naudnettet politiet sin primære kommunikasjonskanal.

Arne Johannessen er glad for arbeidet Politiets IKT-tenester har gjort

– Det er gledeleg at utfordringa verkeleg er teken tak i.

Trur på betring

Johannessen veit enno ikkje datoen for kortid dei får dei nye SIM-korta, men korta er bestilt. Han håpar at dei ikkje er langt unna.

– Vi har sjølvsagt naudnettet som er veldig bra og som er hovudkanalen når vi skal ha talekommunikasjon, men mobiltelefon er også ein viktig arbeidsreiskap for politiarbeid på staden.

Laster kart, vennligst vent...

STORT RAS: Raset kom på strekninga mellom Hest og Førde på sørsida av Sognefjorden.