Hopp til innhold

Politiet gjekk etter lukta - fann hasjplantasje i bustadhus

Sunnfjordingen i 40-åra ante fred og ingen fare. Men då politiet kjende lukt frå huset hans gjekk dei til aksjon.

Marihuanaplanter i Sunnfjord

FANN PLANTER: Sunnfjordingen dreiv produksjon av marihuana heime i huset.

Foto: Politiet

8. februar i fjor tok politiet seg inn i huset til mannen. Der fann dei totalt 12 marihuanaplanter, samt diverse utstyr til dyrking av det narkotiske stoffet. I avhøyr same kvelden fortalde mannen om produksjon av marihuana frå og med sommaren 2011.

I og med at politiet bokstaveleg talt hadde lukta seg fram til den ulovlege aktiviteten, la mannen alle korta på bordet og innrømma at han stod bak den innandørs hageverksemda. Frøa hadde han bestilt frå Nederland i 2010 etter kvart kunne han bruke stiklingar til nye avlingar.

Politiet og tingretten var usamde om kor mykje marihuana mannen hadde klart å dyrke fram gjennom åra og i dommen enda det til slutt på om lag 840 gram. Om lag halvparten av det politiet trur mannen står bak.

I retten forklarte mannen at han ikkje har hatt noko kontakt med narkomiljøet i Sunnfjord, men at han dyrka for eige bruk. Kunnskapen om korleis han skulle få til dette fann han på Youtube og på internett.

Sogn og Fjordane tingrett valde å dømme mannen til 120 dagar i fengsel for den noko spesielle interessa for grøne planter.