NRK Meny
Normal

Politet på Søre Sunnmøre og i Nordfjord vil ha midtre trasé for E39.

Politiet på Søre Sunnmøre og i Nordfjord vil ha midtre trasé for E39. Dei meiner det vil gi betre responstid og auke fleksibiliteten til patruljane.

Hagen og Hvattum

KLART SVAR: Både f.v. lensmann i Ørsta og Volda, Guttorm Hagen og regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum, vil ha E39 via midtre line.

Foto: Arne Flatin/Hildegunn Løken Holtan / NRK/Fjordenes Tidende

– Med ei ny midtre line så vil vi også komme raskt ned til Eid, og politiet i Eid vil komme raskt til Sunnmøre. Det er heilt klart at ny kommunikasjon mot Eid vil betre politiberedskapen, seier driftseiningsleiar på Søre Sunnmøre og lensmann i Ørsta og fungerande lensmann i Volda, Guttorm Hagen.

Om ikkje lenge vil regjeringa ta avgjerd om kor E39 skal gå gjennom Nordfjord til Sunnmøre.

Valet står mellom indre line gjennom Stryn, eller midtre line mellom Eid og Gloppen og vidare med tunnel og bru til Volda. Hagen meiner avstanden mellom Eid og Volda med eit utrykkingskøyretøy kan kome på om lag eit kvarter med midtre line.

Bru over Voldsfjorden vil gjere samarbeid lettare

Og politiet på Søre Sunnmøre får støtte frå nabofylket. Regionlensmann i Nordfjord Tormod Hvattum i Vågsøy er samd med kollegaen.

– Ut ifrå eit politifagleg synspunkt, så er det lett å vere samd med han. Det vil klart betre beredskapen, ikkje berre for oss, men for alle naudetatar, seier Hvattum.

Han legg til at eit samarbeid med politiet på Sunnmøre vil verte langt lettare enn i dag.

– Ut ifrå eit politifagleg synspunkt er det lett å vere samd med Hagen. Sett frå vår side vil samarbeidet med Sunnmøre bli monaleg lettare med ei bru over Voldsfjorden, sjølv om vi i dag har Kvivsvegen. Det er heilt sikkert, seier Hvattum.

– Men Kvivsvegen er allereie bygd, og ei bru i indre vil gjere det lettare for Stryn kommune. Er ikkje det også eit poeng?

– Jau, men min ståstad er region Nordfjord. Sett under eitt, vil tilgjenget til Sunnmøre bli betre med bru over Voldsfjorden, seier Hvattum.

Meiner også det offentlege må få ytre seg

Alarmsentralen i Florø som organiserer brannutrykkingar har ikkje teke stilling i E39-striden. Helse Førde ynskjer ikkje å uttale seg no.

På Søre Sunnmøre meiner Guttorm Hagen at offentlege etatar sine behov også bør lyttast til. Denne veka skreiv han eit brev om saka som har gått vidare til Samferdselsdepartementet og Statsministeren sitt kontor.

– Det har vore mykje snakk om kva næringslivet er best tent med. Eg tykkjer det er rett å også sjå på offentleg tenesteyting og beredskap når ein skal fastsetje nye kommunikasjonsårer, seier Hagen.

– Dette er ei kontroversiell sak. Du er ikkje redd for sterke reaksjonar?

– I eit beredskapsperspektiv, så kan ein lensmann uttale seg og komme med nyttige innspel i ein debatt. Så får det bli opp til politikarane å ta avgjerda. Det vil vere feil å ikkje seie noko om dette, seier Hagen.

Han peikar på kva som skjedde då Eiksundsambandet kom på plass i 2008.

– Vi kunne då straks etablere eit nytt vaktsamarbeid med Søre Sunnmøre og dette er no utvikla til heilkontinuerleg polititeneste. Vi har fått ei moderne og god polititeneste på Søre Sunnmøre, så det med samarbeid, utrykkingstid og kvalitet på tenesta er noko vi må prøve å utvikle vidare, seier Hagen.